Du har sjølvsagt fylgt med på primstaven din og sett at det minkar på dagar på vintersida. Den 14. april skal staven snuast til sommarsida.
14. april: Sommardagen eller Sommarmål
Den fyrste dagen på sommarsida er Sommardagen, også kalla Sommarmål, og har eit merke med eit tre i lauvsprett, kanskje også med ein fugl i.
Om du er husbond, bør du denne dagen molde åkeren – om du ikkje har gjort det før – så snøen kan smelte og åkeren verte klar for våronna.
Snø på sommardagen
Med det veret som har vore i det siste, er det ikkje utenkjeleg med snø på sommardagen. Viss så skjer, vil det snø 9 gongar til før vinteren er over, eller 7 gongar viss du bur i Romsdalen. Verdt å merke seg.
Flyttedag for tenestefolk
Er du i teneste og har gjort avtale om å komme til ein ny husbond, så er dette dagen for å flytte. Du har forhåpentlegvis ei god kiste å ha tinga dine i; så då er det å pakke alt ned i den og dra til den nye garden du skal vere på.
Er du budeie og har eigne sauer, så vil du ha rett på vinterfôr til ei søye og eit lam på den nye staden, det same som du har hatt der du er no. På denne tid har gjerne søya di fått nye lam, så eitt av dei vert lammet som du kan få fôr til til vinteren igjen.
Her er også ein del andre merkedagar på primstaven framover:
16. april: Magnusmesse
16. april er det minnedag for Magnus Erlendsson, jarl på Orknøyane 1108–1115. Han vart drepen i stridar med syskenbarnet sitt, Håkon Pålsson, om herredøme på øyane.
Etter hans død kom det fleire historier om under som hadde hendt ved grava hans, i form av at sjuke menneske vart friske. I 1135 vart han erklært for heilag. Fleire kyrkjer vart bygde og gjevne namn etter han.
Merke for dagen kan typisk vere ei øks.
23. april: St Jørgen eller Jonsdagen
Denne dagen er til minne om St Georg, han som drepte ein farleg drake. St Georg skal ha lide martyrdøden i år 303. Merke for dagen kan vere ein gauk, ein hest, eller ein kross.
Dersom Langfredag fell saman med denne dagen, skal verda forgå. Verdt å merke seg. Det har rett nok alt vore nokre slike samanfall, sist i 1943, men tydelegvis slo det ikkje til då. Der vert imidlertid eit nytt slikt samanfall i 2038. Vi får sjå korleis det går.
25. april: Markusmesse
Denne dagen er sjølvsagt til minne om evangelisten Markus. Han skal ha lide martyrdøden i år 67.
Dette er den store gangdagen, då ein går i prosesjon rundt på åkrane og velsignar jorda som skal bere årsgrøda. Dette er sjølvsagt ein stor fordel å få gjort, så gå ikkje glipp av det.
29. april: Svartedøgri
Er du husbond, må du passe på å verte ferdig med pløying av åkrane denne dagen, slik at alle åkrar då ligg moldsvarte. Merke for dagen kan vere ein oppreist plog.