Bibelkveld med Matteus-evangeliet

Ei serie av til saman 5 møte denne hausten

Bibelkveld med Matteus-evangeliet

Våren 2020 starta vi med samlingar der vi les frå Matteus-evangeliet og tek føre oss tema derifrå. Vi kom så langt at vi kan ansjå oss ferdige med kapittel 7 og Bergpreika.

Denne hausten går vi vidare med 5 nye samlingar annankvar tysdag. Det vert ei innleiing ved Knut Arnold Kvalsvik, og anledning til diskusjon. Kor mykje ein vil delta i diskusjonen, er sjølvsagt opp til kvar enkelt. Vi vil også syngje litt og be litt saman, dette er igjen opp til kvar enkelt kor mykje ein vil delta i.

Tankane som vert framlagde i innleiinga er hovudsakeleg henta frå boka Matthew, ei kommentarbok av Dr Anna Case-Winters, del av seria Belief: A Theological Commentary on the Bible. Innleiaren vil imidlertid føle seg fri til å også trekkje inn andre ting.

  • Tid: Tysdagar kl 18–20
  • Stad: Solheim kyrkje, Hordagt 28. Vi vil enten vere på møteromet i kontor-fløya, eller bak i kyrkjeromet. Vi må sjå litt an kor mange som kjem og korleis vi kan overhalde korona-reglane medan vi er saman.
  • Datoar:
    • 13. oktober
    • 27. oktober
    • 10. november
    • 24. november
    • 8. desember

Ta gjerne med eigen bibel. Det finst også nokre få biblar i kyrkja, men det er best å ha sin eigen.

Velkommen til alle interesserte!

Denne sida vil verte oppdatert etterkvart med meir informasjon og dokument som kan lastast ned.

Som ei innleiing til møteseria kan ein opne og lese to PDF-dokument: eitt om struktur i Matteus-evangeliet, og eitt om hovudtema (sjå nederst). Der er også eit dokument frå kvar av samlingane vi alt har hatt.

Ettersom møta skrid fram, vil eg legge ut fleire dokument, samt oppdatere tabellen nedanfor over tekstar og emne.

Møte Dato Tekst Emne
01 05.02.2020 Matteus 1,1–2,23 Jesus, den rette og gode kongen
02 19.02.2020 Matteus 3,1–4,25 Johannes døyparen, Jesu dåp og freisting
03 26.02.2020 Matteus 5,1–5,48 Bergpreika: Innleiing og vårt forhold til andre
04 11.03.2020 Matteus 6,1–6,34 Bergpreika: Vårt forhold til Gud
05 13.10.2020 Matteus 8,1–9,38 Ein som har mynde
06 27.10.2020 Matteus 10,1–11,1 Ut for å gjere som Jesus
Jesus held Bergpreika
Jesus som stiller stormen er ei veldig kjend forteljing, gjengjeva av både Matteus, Markus og Lukas. Maleri av kunstnaren Stephen Gjertson (f.1949). Bilete nedlasta frå hans nettsider.
 

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28, 5055 Bergen

🏛 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837
🎁 Bankkonto gaver: 1506.40.02551
🎁 Vipps nr gaver: 609463

🕙 Kontortid: Mandag–fredag kl 10–15
Prestene kan treffes etter avtale
📞 Tlf: 55 30 81 30
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"