Klippet fra artikkel; http://kirkeaktuelt.no/kyrkjeblad-i-ny-drakt/:
I den siste tida har det kome fleire døme på kyrkjeblad der kyrkjelydane har lagt ressursar i moderne design og eksperimentert litt med namn på framsida.
Kyrkjebladet Spir i Oddernes i Kristiansand, kyrkjebladet for Bakklandet, Lademoen og Lade kyrkjelyd og magasinet Østkanten, som blir gitt ut av Nordre Aker prosti i Oslo, er døme på dette. Blada har framsider som ikkje frontar kyrkja som avsendar.
– Vi vil gjerne sjå ut som eit magasin og har kutta kyrkjebladsnamnet. Håpet er at i løpet av dette året skal dei fleste i området vårt ha forstått at Spir er bladet til Oddernes kyrkjelyd, seier redaktør for Spir, Jo Vegard Aardal til kirkeaktuelt.no.
Han fortel at responsen på bladet har vore stor.
– Vi har fått mange positive kommentarer. Og mange konstruktive tilbakemeldingar på kva vi bør skrive om.
– Har de nokre tips til andre kyrkjelyd som kanskje ynskjer å tenke nytt rundt kyrkeblada sine?
– Prøv å få flest mogleg med i redaksjonen, då er det mykje meir artig å arbeide. Det er einsamt og sliktsamt å vere åleine om å tenke kreativt. Vi er sju-åtte med i redaksjonen, seier Aardal.
Karen Kilane er også med i redaksjonen til Spir, og fortel at dei fekk god hjelp av kommunikasjonsavdelingen i Kyrkjerådet.
– Vi ynskte å nytte den nye designprofilen til Den norske kyrkja, og nytta blant anna dåpsbladet som inspirasjon. Vi ynskjer å vise at vil tilhøyrer Den norske kyrkja, men har også eigen vri på det, seier ho.
«Menighetsblad» ikkje aktuelt
For prosjektleiar for bladet Østkanten, Eleni Marie Stene, var det også heilt bevisst å tenke annleis rundt forsida.
– Hovudtanken var å skape nysgjerrigheit og friste folk til å bla – å «opne» folk sin bevisstheit i staden for å lukke eller avvise. Ordet kyrkjelyd kommuniserer ikkje utad i samfunnet i dag, mange veit ikkje heilt kva det er. Altså var tittel som «menighetsblad» ikkje aktuelt og eit ord som kyrkjemagasin ville ekskludert mange i utgangspunktet, seier ho til kirkeaktuelt.no.
Stene og kollegaene hennar ynskte å lage eit magasin for alle som bur på Østkanten i hovudstaden.
Kjærleik
– Den viktigaste bodskapen vi har er kjærleik. Ideen til framsida og tittel er basert på dette. Kyrkja har hjarte for alle som bur på Østkanten. Ord som tru, håp og kjærleik er ord som dei fleste forstår og som kan tolkast åpent og positivt – og samstundes er det også det viktigaste vi formidlar i kyrkja, seier Stene.
Ho arbeider som dagleg leiar for kyrkjelyden Paulus og Sofienberg og kommunikasjonsrådgjevar for Nordre Aker prosti, og har bakgrunn som journalist. Det har vore nyttig i arbeidet med nytt kyrkjeblad. Ideen til magasinet fekk ho i Danmark.
– Eg var i Vesterbro kyrkjelyd i København hausten 2014 med staben i Paulus og Sofienberg. Der fortalde dei oss korleis dei jobba med PR og kommunikasjon på vegne av alle kyrkjene i Vesterbro.
I Østkanten nyttar de kjendisar som skodespelar og humorist Linn Skåber og filmregissør Aslaug Holm – kvifor det?
– Kjendisar fungerer som blikkfang og kaller på nysgjerrigheita hjå folk flest. Ofte får folk seg ei positiv overrasking når ein kjendis fortel om noko fint som han eller ho har vore med i ei kyrkje. Mange har også tankar rundt tru, tvil og kyrkja generelt, seier Stene, som også har andre tips til å lage gode kyrkjeblad:
– Kyrkjelydane må bli flinkare til å by på seg sjølve og vise alt det flotte som blir skapt. Kyrkjeblada må ha godt redaksjonelt innhald, gode bilete og titlar, og skap lay-out som sel innhaldet. Og så er det to ting som alltid bør ligge til grunn: truverd og engasjement.
Redaksjonen i kirkeaktuelt.no synest arbeidet som er blitt gjort med Østkanten, Spir og Menighetsblad for Bakklandet, Lademoen og Lade er veldig spanande. Desse tre magasina kan vere fin inspirasjon til alle som jobbar med kyrkjeblad i ulike kyrkjelydar i Den norske kyrkja.