Naustdal sokn er eit av 6 sokn i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Kyrkjegardsarbeidar har varierte oppgåver knytt til drift, tilsyn og vedlikehald av Naustdal og Vevring kyrkje og dei tilhøyrande gravplassane. I tillegg kjem gravplassen på Fredlund. Kyrkjegardsarbeidaren går inn i eit team med tre andre, og ved behov må ein vere budd på å gjere oppgåver ved andre kyrkjer/gravplassar i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Sikre god og forsvarleg drift av kyrkjegardane
 - Tilsyn/vedlikehald av soknet sine bygg
 - Opning og lukking av grav ved gravferder
 - Kyrkjetenar i kyrkja ved gravferdsseremoni
 - Arbeid ved andre gravplassar og kyrkjer i kommunen ved behov.
 
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg at du har eit fagbrev i eit relevant yrkesfag, - t.d maskin, tømrar, røyrleggar, gartnar
 - Du er praktikar med brei erfaring
 - Du har førarkort klasse BE
 - Du må kunne bruke minigravar
 
Personlege eigenskapar
- Du har blikk for å sjå smått og stort av oppgåver som må gjerast.
 - Du trivest med fysisk arbeid, og å jobbe ute
 - Du er initiativrik og sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
 - Du kan planlegge eigen arbeidsdag og nytte tida godt
 - Du kan møte besøkjande på gravplassen og i kyrkja med respekt
 - Du har stor vilje og evne til samarbeid
 - Du er fleksibel og løysingsorientert
 
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale for kyrkjeleg sektor, avhengig av ansiennitet og kompetanse.
 - Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott.
 - Samarbeid med dei andre kyrkjegardsarbeidarane i organisasjonen
 - Eit kollegium med rundt 40 medarbeidarar i fellesrådet.
 - Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag.
 
Kontaktpersonar:
- Kyrkjeverje Sissel Vartdal, tlf. 48 99 12 57
Arbeidsleiar Ellinor Wergeland, tlf. 47 97 81 84 
Søknadsfrist: 1. mars 2023
                    