Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommunesenter og med langstrakte og levande bygder rundt – fleire av dei med vekst i folketalet.
I Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er det 6 sokn, 10 kyrkjer, 35 fellesrådstilsette og 7 prestar. Kyrkjelydspedagogen blir del av eit stort og kompetent arbeidsmiljø med prestar, pedagogar, diakonar, andre tilsette og frivillige.
Stillinga er nyoppretta, men skriv seg frå delstillingar i dei aktuelle kyrkjelydane.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av eksisterande og nye tiltak i trusopplæringsarbeidet
 - Delta i nokre av dei kontinuerlege tilboda for born i sokna, og sjå på moglegheita for å starte opp nye tilbod
 - Hovudvekta av arbeidet er retta mot mellomtrinnet, men det kan og vere aktuelt med noko klubbarbeid for mindre born, og deltaking i konfirmantarbeidet
 
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk
 - Realkompetanse kan erstatte formell utdanning
 - Erfaring frå, og interesse for, arbeid med born og unge
 - God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
 - Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
 
Personlege eigenskapar
- God formidlings – og samhandlingsevne i møte med born
 - Evne til å skape engasjement, bygge tillit og etablere gode relasjonar
 - Evne til samarbeid og teamtenking
 - Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
 - Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
 
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med avtaleverk for Den norske kyrkja
 - Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott
 - Eit godt fagleg miljø med pedagogar og andre kyrkjefaglege stillingar
 - Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag
 
Anna
- Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga
 - Du må ha sertifikat og helst disponere eigen bil
 - Politiattest må leggjast fram før tilsetting
 
                    