Opne kyrkjer i samband med Kong Harald sin bortgang

I høve kong Harald V sin bortgang, blir det opne kyrkjer i Langevåg og Indre Sula. I kyrkjene kan du kome, sitte stille, tenne eit lys, prate med nokon du kjenner eller nokon frå kyrkja. Det blir også kondolanseprotokoll som du kan signere. Saka blir oppdatert.

Publisert:

Foto: Jørgen Gomnæs, det kongelige hoff.
Foto: Jørgen Gomnæs, det kongelige hoff.

Opne kyrkjer i Indre Sula og Langevåg

Onsdag 02. september frå kl. 14-16
Torsdag 03. september frå kl. 16-19
Søndag 06. september frå kl. 13-15
Tirsdag 08. september frå kl. 15-18
Onsdag 09. september frå kl. 13 -15*

 

*Gravferd for kong Harald blir halde i Oslo domkyrkje onsdag 9. september kl. 13.00. Både Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje er opne og vi inviterer inn dei som ønsker til å sjå gravferda saman på storskjerm. Det blir rom for å tenne lys, skrive kondolanse og dele felleskap med andre.

Kyrkjeklokkene vil ringe ved fleire anledningar denne dagen. Først klokka 13.00 lyder tre klokkeslag frå kyrkjene over heile landet. Deretter følger ett minutts stillheit for kong Harald V. Stillheita avsluttast kl. 13.01 med tre nye klokkeslag. På ettermiddagen, når seremonien ved gravstaden i Akershus slottskyrkje er ferdig, (ca. 15.30) vil alle kyrkjeklokkene i landet igjen høyrast. Denne gongen ringjer klokkene samanhengande i éin time når kong Haakon trer fram som Noregs nye konge.

...

Kong Harald V har vore kongen vår sidan 1991, og etterlet seg eit stort tomrom. Mange vil huske korleis han stod fram etter 22. juli, og talen han heldt om kva Norge er, og kven som er Nordmenn, for omtrent nøyaktig 10 år sidan, i høve hagefesten i Slottsparken 1. september 2016. 

https://www.kongehuset.no/taler-og-budskap/kong-harald-v/hagefest-i-slottsparken-velkomsttale-bm  

Vi har mykje å takke Kongen for, og han har vore viktig for kyrkja òg. I grunnlova står det framleis at «Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religion.» Det står det, fordi kongen insisterte på at det skulle stå, også etter at kyrkja blei uavhengig og grunnlova revidert.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"