Er du 10 år i år? Då er du blitt ein ekte Tweensar! Du er hjarteleg invitert til ein heilt unik Tweens-kveld i Fjell kyrkje, spesielt for deg. Her får du oppleve og oppdage noko av alt det kjekke som skjer på Tweens-kveldene for 5.-7. klasse, annankvar fredag.
Denne kvelden handlar om temaet «saman», for vi treng alle ein plass der vi høyrer til! Ein stad der vi har det supert saman, og der vi blir tatt imot som den vi er og blir elska for det.
Det blir ein kveld med halloween-preg og kåring av beste kostyme. I tillegg kan du bli med på brettspel, gaming, bordtennis, hobbyaktivitetar, «capture the flag», forteljing/andakt, kiosk, quiz og mykje meir.
Meld deg på nederst på sida innan 21. oktober 😊 Vi gler oss til å sjå deg!
PS: Ta gjerne med opp til 50 kroner til kiosken.
