Bygge Guds rike

I bibelen står det: «La ditt rike komme». Dette innebærer at alle er elska og viktig, og at alle har sin spesielle plass i fellesskapet, med sine unike talentar og personlegdom. Vi ynskjer at alle skal få oppleve Guds kjærleik og kjenne at kyrkja er som ei ekstra heim for dei, der vi saman kan erfare og bygge gode, tryggje fellesskap til alle si glede, og der vi alle kan vere med å ha ein positiv innverknad i det å skape gode lokalsamfunn.

Dette føregår på forskjellege måtar, og vi har ulike T-dagar (trosopplæringsdagar) frå 10 til 13 år der vi gjer masse spennande saman: T10 er ein T-dag som handlar om å være saman. Her blir 10-åringen invitert til ein flott «happening» saman med Tweens-klubben i Fjell kyrkje, som innehalder masse leik og moro. Dei blir også invitert til å bli med vidare på klubben gjennom heile året. Tweens-kveldane innehalder leik, spill, mat/kiosk, sosialt, gaming, quiz/konkurransar, ballspel-gruppe, kreativ gruppe, jente/gutte-gruppe, andakt i kyrkjerommet og avslutning med meir. Dette er superstas, så alle 10-åringar - kom og bli med! T11-dagen er ein dag i Landro kyrkje med drama og møte med forskjellige personar i bibelen, med rom for ettertanke. Det blir også ringdans, bibelquiz og fest heime hos Sakkeus.

Foreldre/familie er invitert til kveldsavslutning i kyrkja, med song, bibel, lystenning og velsigning. T12 handlar om å vere lys vaken! Jesus er lys vaken for oss og vi skal få vere lys vaken for kvarandre. Dette er ein T-dag med masse forskjellig innhald: drama, musikk, leikar, dans, song, måltidsfellesskap, gudstenesteverkstad, soveposesamling og overnatting i kyrkjerommet! Neste morgon er det frokost, vi deltek på gudstenesta med song og bøn, og avslutter med kyrkjekaffi og auksjon til inntekt for eit av kyrkjelyden sine misjonsprosjekt. Dette er ein knallgøy T-dag! T13 er ein kjempeflott aktivitetsdag med val av ulike interessegruppar som kanopadling, TenSing, gaming, matlagingsgruppe, kreativ gruppe, spill og bordtennisgruppe, leik og morro! Her blir det presentert ulike trygge tilbud som trettenåringen kan bli med på når dei begynnar på ungdomsskulen. Det blir felles samling der tema for dagen er “Fellesskap”. Gå ikkje glipp av denne flotte dagen!

Artikkelsnarveger