Dobbel konfirmantleir på Skjergardsheimen

Den siste helga i september yra det av sundsokningar nord i Øygarden – då var det nemleg konfirmantleir for alle Sundkonfirmantane. I år er det over 70 konfirmantar, så då måtte kullet delast i to. Første halvdel av helga var det konfirmantane i Kausland kyrkje og andre halvdelen dei i Sund kyrkje.

Publisert:

Dobbel konfirmantleir på Skjergardsheimen

Sjølv om leiren blei kortare for deltakarane, var det proppfullt av godt leirprogram. Leirkveld med leik og konkurransar, herleg mat i matsalen, sporløp ute, bibelsamling, verkstad for å lage Kristuskransen og bønnevandring, teambuilding og quiz, fritid på internat og på spelerommet.

Og så var det sånne magiske ting som berre skjer på leir: alle gode samtalar og merkelege innfall, felles midnattsROing på jenteinternatet (for det stod jo på programmet: Kl. 00.00: Ro), og stadig «katt og mus»-leik med deltakarar som gøymde seg.

Sjølv om leiarane var trøtte etter to leirar på ei helg, sit vi igjen med mange gode minner, og gler oss til konfirmantåret vidare.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"