Konfirmanttida i Sund

Konfirmanttida er eit år med mykje innhald! Du får bli kjend med kyrkja, Bibelen, Gud og deg sjølv, gjennom ulike samlingar og aktivitetar.

Konfirmanttida i Sund

Konfirmantsamling

Gjennom heile året er konfirmantane med på samlingar ein gong i månaden i enten Sund eller Kausland kyrkje. Her har vi ulike tema som er sentrale i den kristne trua. På konfirmantsamlingane er det fokus på både å lære og erfare i fellesskap.

Leir

Konfirmantane reiser på leir på starten av konfirmantåret. Her blir det aktivitetar, leikar, undervisning og leirkveld - og masse gøy!

Hausten 2026 blir det leir på Skjergardsheimen 25.-26. sept for Kauslandkonfirmantane og 26.-27. sept. for Sundkonfirmantane

Aktivitetsgrupper

Alle konfirmantane er med i ei aktivitetsgruppe, der dei på ulike måtar deltek i kyrkja sitt arbeid. Det er mange ulike grupper, som vil variere noko frå år til år.

Konfirmantaksjonen

Gjennom konfirmantåret ønsker vi at ungdommane får oppleve å bety noko for andre. Nestekjærleik er ein viktig del av den kristne trua, og på konfirmantaksjonen får vi vere med på nestekjærleik i praksis.

På våren er konfirmantane med å samle inn pengar til misjonsprosjektet til Sund sokn: Misjonsalliansen sitt arbeid i Ecuador.

Gudstenester

Konfirmamntane deltek på fleire gudstenester i løpet av året. Gudstenesta er for heile familien, og vi oppfordrar familien til å komme saman med konfirmanten.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"