Starta adventstida med fellesskap

Over femti personar møtte torsdag ettermiddag opp til det årlege adventstreffet i Hjelme kyrkje. Arrangementet, som er blitt ein fast tradisjon i regi av diakoniarbeidar Ellen Ebbesvik, markerer starten på adventstida for mange i den nordlege delen av kommunen.

Publisert:

Starta adventstida med fellesskap

Kyrkja var pynta med langbord i adventens lilla, og stemninga var roleg og forventningsfull. Organist Øystein Steinsland som satt seg ved orgelet og spela kjende juletonar medan folk fann plassar ved borda. Dei fleste deltakarane hadde pynta seg for anledninga, og praten gjekk lett allereie før programmet starta.

Full julemiddag på menyen

På menyen stod ein tradisjonell julemiddag med både pinnekjøt og ribbe. Den velluktande dampen frå serveringsfata fylte rommet og gav ein umiddelbar kjensle av jul. Det var rikeleg med mat, og mange forsynte seg både ein og to gonger.

Song, andakt og fellesskap

Programmet inneheldt fleire musikalske innslag. Hagavik-duoen, Ingunn Nøkland og Ellen Haugland, fekk applaus for dei vakre songane dei framførte. Seinare heldt Roy Lerberg  dagens andakt, der han snakka rundt temaet "Hvorfor måtte jesus komme?".

Forsamlinga deltok òg i allsang av kjende adventssalmar, og det første lyset i adventsstaken vart tent.

Engasjert forsamling

Praten rundt borda var livleg gjennom heile samlinga. Mange delte planar for jula, alt frå menyval på julaftan til kven dei skulle feire saman med. Nokre av deltakarane var lokalbefolkning frå nordre del av Øygarden, medan andre hadde reist får andre stader i kommunen for å få med seg arrangementet.

Dessert og utlodning

Mot slutten av dagen vart dessert servert: karamellfromasj, klementinar og kaffi. Deretter følgde ei uformell utlodning, der dei lilla blomane som stod på borda fungerte som premiar. Det vart både latter og spenning då vinnarlodda vart trekte.

Samlinga vart avslutta i same tone som ho byrja, med varme, fellesskap og ein tydeleg start på adventstida for deltakarane.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"