Høgtidsstund i Fjell kyrkje – Ole Kristian Hamre vigsla til prostiprest

Det var sommarleg vêr, og mange hadde teke turen til Fjell kyrkje søndag 21. juni då Ole Kristian Hamre vart vigsla til prostiprest i Vesthordland prosti. Gudstenesta denne søndag ettermiddagen vart leia av biskop Ragnhild Jepsen og prost Jan Tommy Fosse, og markerte ei høgtidsstund for Hamre, familien hans, kollegaer og kyrkjelyden.

Publisert:

Høgtidsstund i Fjell kyrkje – Ole Kristian Hamre vigsla til prostiprest

Vigslinga fekk ei særleg personleg ramme ved at ho fann stad i den same kyrkja der Ole Kristian vart døypt som barn. Kyrkja var fylt av familie, vener, kollegaer og kyrkjelyd som ville vere med og markere den nye tenesta.

Under forbøna hadde Ole Kristian invitert med seg Olav Kristoffersen, Kjell Johan Sekkingstad, Gunnar Fagerbakke Eldevik og Sunniva Hellesøy. Saman stod dei rundt han i bøn og velsigning før han vart send ut i den nye tenesta.

I vigslingstalen peika biskop Ragnhild på den lange kristne historia langs vestlandskysten:

Langs kysten vår vitnar store steinkrossar om at trua på Kristus kom til vår landsdel og våre samanhengar for mange hundre år sidan. Du er godt kjend i dette landskapet som er forma av den spiritualiteten som vaks fram frå dei som planta krossen; dei som sette sitt merke på kyrkje og folk og tru, ja, dei som var blant våre fyrste Kristusvitne.

Ho løfta òg fram krossen som eit bilete på den tenesta Ole Kristian no er kalla til:

Nokre av steinkrossane har stått der i hundreår. Andre har kome til fordi ein vil seie noko om det som har forma oss som folk og kyrkje. Dei ruver i landskapet. Men mest inntrykk gjer krossarmane som strekkjer seg ut og liksom femner om alt som kjem framom. Eit merke på at krossen er kjærleik. Krossen er nåde. Krossen velsignar.

Når kyrkja no kallar deg til teneste, så ber vi med deg at krossen som vitnar om kjærleik, nåde og velsigning, også er din kross. For det er i lyset frå krossen vi får leve og tru.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med kaker, vaflar, saft og kaffi. Mange nytta høvet til å gratulere den nyvigsla prostipresten og dele gode ord og lukkeønskingar.

Vi ynskjer Ole Kristian Hamre Guds rike signing i liv og teneste.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"