Når kyrkjene syng jula i møte

Kvart år inviterer kyrkjene til Vi syng jula inn – ei annleis kveldsgudsteneste i adventstida, der fokuset er advent og det å syngja jula i møte. Desse samlingane byr ofte på fleire gjesteinnslag, mykje allsong og eit rikt musikalsk uttrykk.

Publisert:

Når kyrkjene syng jula i møte

Andre søndag i advent var det Landro kyrkje som var først ute med Vi syng jula inn. Kantor Eline Olsen leia kvelden, og publikum fekk oppleva flott korsong både frå Fjell og Landro prosjektkor og frå Landro barne- og tweenskor. Bodil Øksnes Espedahl heldt andakta, og fleire bidrog med nydeleg solosong. Det vart også god allsong, akkompagnert av band, noko som skapte ei varm og stemningsfull ramme rundt samlinga. Etterpå vart det servert god og varm gløgg.

To kor, et barnekor, og et voksenkor, står fremme i kirken. Stolene i kirkeskipet er full av menneske

Tredje søndag i advent inviterte tre kyrkjer til Vi syng jula inn: Fjell, Foldnes og Hjelme.

I Foldnes kyrkje var det Marte Vilkensen Børvig som leia Vi syng jula inn, og den raude tråden gjennom kvelden var historia om julekrubba og korleis ho vart eit viktig symbol i jula. Kyrkja var fylt til siste plass, og som vanleg var samlinga ei god blanding av konsert og allsong. Organist Aasmund hadde invitert Sotra Storband, som saman med den eminente jazzvokalisten Linda Farestveit skapte ei varm og stemningsfull ramme. Gospelkoret Lokal Vokal frå Foldnes kyrkje stilte med med litt over 40 songarar som stilte opp denne kvelden, og mannskoret Avogtil – som namnet tilseier berre opptrer nokre få gonger i året – bidrog til ei variert musikalsk oppleving. Under allsongen var det både forsongarar og fleire instrument som drog kyrkjelyden med seg. Kvelden vart avrunda med ein mektig versjon av Deilig er jorden, der forsamlinga, storbandet og orgelet stemte i med full kraft.

I Hjelme kyrkje vart det flott barnesong ved barnekoret Lyskastaren, med mykje energi og songglede – ei fryd å sjå og høyra. Ellen Ebbesvik heldt andakt, der ho hadde kledd seg ut som ein gjetar og fortalde om englane som kom, juleevangeliet og at Jesus er nær oss også i dag. Det vart mykje allsong, med Øystein Steinsland på orgel.

Et barnekor står framme i kyrkja og syng til publikum

I Fjell kyrkje var det mange flotte innslag. Mellom anna deltok Øygarden kyrkjebrass, Fjell barnekor song, og Lukas Tensing bidrog med song. Ein fekk òg høyre Fjell og Landro prosjektkor, dirigert av kantor Solveig Karoline Flekstad Vik. Det var både band og kyrkjebrass som spelte til allsongen. Sokneprest Per Hjemdal heldt andakta i form av ei juleforteljing, med bilete vist på skjermen. Det vart mykje kjekk allsong og god stemning i kyrkja. Etter den kjekke kvelden vart det servering av gløgg, peparkaker og klementinar i kyrkjelydssalen.

Til helga vert det Vi syng jula inn i Blomvåg kyrkje og i Kausland kyrkje, begge stadene kl. 17. Velkommen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"