H.M. Kong Harald er død, 89 år gamal. Nasjonen er i sorg og kjenner på djup takksemd. I dagane fremover opnar kyrkjer over heile landet for alle som ønskjer å komme inn for å tenne eit lys, vere saman i sorga eller snakke med kyrkja sine tilsette.
– Det er naturleg å opne kyrkjene i denne spesielle tida for landet vårt. Det kan vere godt å komme saman i kyrkjene, enten ein vil tenne eit lys, be ei bøn eller snakka med nokon.
Det seier Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit. I dag sendte han ut oppfordring til kyrkjelydane om å opne kyrkja.
I Øygarden ligg det kondolanseprotokoll i alle sokn. Det vil vere mogleg å komme med teikningar i kvar av kyrkjene, når dei er opne.
Det er opent for å legge ned blomar utanfor kyrkjene, men vi ber om at det ikkje blir tent levande lys ute.
(Artikkelen kan bli oppdatert med fleire opningstider.)
Opningstider:
Fredag 28. august:
- Foldnes kyrkje kl. 18-21
- Blomvåg kyrkje kl. 18-21
- Sund kyrkje kl. 18-21
Laurdag 29. august:
- Foldnes kyrkje kl. 12-18
Søndag 30. august:
- Foldnes kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Hjelme kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Fjell kyrkje kl. 13-15
- Kausland kyrkje kl. 12-14 (i etterkant av gudstenesta)
Måndag 30. august:
- Fjell kyrkje kl. 17-20.30
Tysdag 1. september:
- Fjell kyrkje kl. 19-20.30
Onsdag 2. september:
- Fjell kyrkje kl. 9-13
Torsdag 3. september:
- Sund kyrkje kl. 12-14
- Fjell kyrkje kl. 19.30-20.30
Fredag 4. september:
- Landro kyrkje kl. 10-18
Søndag 6. september:
- Foldnes kyrkje kl. 12.30-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Fjell kyrkje kl. 12.30-14 (i etterkant av gudstenesta)
- Landro kyrkje kl. 12.30-14 (i etterkant av gudstenesta)
Onsdag 9. september
- Fjell kyrkje: Gravferda blir vist på storskjerm i kyrkjelydssalen i Fjell kyrkje onsdag kl. 13.00. Delar av sokneteamet i Fjell vil også vere til stades. Her er det høve til å følgje gravferda saman med andre.
- Foldnes kyrkje: I Foldnes kyrkje blir gravferda vist etter Open lunsj i kyrkjestova. Dei som ønskjer det, kan kome til open lunsj først og deretter bli verande for å følgje gravferda i fellesskap frå kl. 13.00.
