Open kyrkje, også for dei yngste

Open kyrkje har samla både små og store i dagane etter kong Haralds død. I Fjell og Sund har også barnehagebarn vore innom for å tenne lys, sjå bilete og legge att teikningar som helsing.

Publisert:

Open kyrkje, også for dei yngste

Barna fekk sjå bilete av kongen saman med barn, og fleire hadde med seg teikningar dei hadde laga i samband med tronskiftet. Teikningane vert limt inn i kondolanseprotokollen som ei helsing frå dei yngste.

Også utanfor Fjell kyrkje har det kome helsingar. Ved flaggstanga har fleire lagt ned blomar og teikningar til minne om kongen.

I Sund kyrkje har to grupper frå ein barnehage vore innom. Der fekk barna tenne lys, og dei hadde med seg teikningar som dei ville dele. Også desse teikningane vert tekne vare på og limt inn i kondolanseprotokollen.

Slik har open kyrkje blitt ein stad der både små og store har kunna kome innom, tenne eit lys, legge att ei helsing eller berre vere litt i lag i ei spesiell tid.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"