Biskop Ragnhild Jepsen tok til i si bispeteneste i Bjørgvin våren 2023.
11.-13. november er ho for fyrste gong på visitas i Bjørnafjorden, med felles visitasgudsteneste og foredrag søndag 23. november i Os kyrkje. Føremålet med visitas er å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydar og tilsette, og gjere kyrkja sitt nærver synleg i lokalsamfunnet.
Forrige gong det var visitas i Os var i 2010, medan Fusa sist fekk besøk i 2012. Det er altså er sjeldan storhending som finn stad i Bjørnafjorden desse dagane.
Mykje har skjedd sidan sist ein biskop var på offisielt besøk her. Framfor alt har Fusa og Os vorte til Bjørnafjorden, som òg har ført til ei samanslåing av mange av kyrkja sine offisielle oppgåver og fellestenester. Samtidig er kyrkja nær og til stades i lokalsamfunna på begge sidar av fjorden. Biskopen fører tilsyn med heile breidda i kyrkja sitt oppdrag. Difor er det lagt opp til ei rundreise i kommunen der biskop Ragnhild får møte både unge og eldre, oppleve ulike aktivitetar, og ta del i samtalar med både frivillige, tilsette og kommuneleiinga.
For publikum er det òg høve til å ta del i visitasen og bli betre kjend med både biskopen i Bjørgvin og kyrkja i Bjørnafjorden.
Opne arrangement
Publikum kan ta del i visitasdagane på «minglemiddag» i Eikelandsosen bedehus tysdag 11. november klokka 16, og kveldsbøn med musikalske innslag klokka 20 i Fusa kyrkje same kveld. Onsdag 12. november er biskopen med når Joinus Tensing samlast til øving klokka 18 i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.
Søndag 23. november kl.11.00 i Os kyrkje vil biskopen delta på felles høgmesse for Os og Fusa sokn, før ho held eit visitasforedrag som oppsummerer visitasopphaldet og gjev inspirasjon og retning til arbeidet vidare. Etter dette er det kyrkjekaffi og samvêr i Tunet som òg er opent for alle.
Vi gler oss til spennande dagar og håpar du vil ta del!
