Sommarkonsert i Nore Neset kyrkje

Allereie onsdag 19. august opnar konsertsesongen i kyrkjelyden, når songar Rikke Lina Sorell Matthiesen får med seg kantor Irina Tarasova og framførar "Små perler fra en stor verden" I Nore Neset kyrkje.

Foto: Øyvind Toft
Foto: Øyvind Toft

Her inviterar songar Rikke Lina Sorell Matthiesen publikum med på ein vakker og variert musikalsk reise. Gjennom kvelden vil ho presentere ei rekkje kjente og kjære songar, i tillegg til nokre skjulte skattar frå ulike musikksjangrar.

Rikke Lina er ei allsidig sopran, songpedagog og kordirigent. Ho kjem frå Skien, men bur i dag på Nore Neset. Ho har utdanning i klassisk sang frå Universitetet i Stavanger, Griegakademiet i Bergen og Drury University i USA.

Som songar spenner ho breitt – frå solistoppdrag med kor, orkester og band, til roller i opera- og musikalproduksjonar. Til dagleg syng ho i Vokalensemblet Tabula Rasa, og underviser ved både Kongshaug Musikkgymnas og Carte Blanche. Dei siste åra har ho òg markert seg med eigne konsertkonsept for born og unge.

Billetter kjøper du i døra, til kr. 200,- (ordinær) / 150,- (honnør) / 100,- (student). Born under 16 år kjem inn gratis. 

Hjarteleg velkommen til konsert!

Onsdag 19. august kl. 18.00, Nore Neset kyrkje

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"