Konfirmant i Os kyrkjelyd

Hovedbilde for tema

Velkommen som konfirmant 2027!

Ei tid for nye opplevingar!
Konfirmanttida er ei tid for å tenke andre tanker, få gode opplevelser og kanskje nye venner! I konfirmanttida kan du bli betre kjend med deg sjølv, Gud og kva trua kan bety i livet ditt. No er det kanskje din tur?!

Onsdag 3. juni kl. 18:00: Infomøte om konfirmantåret 2026-27 i Storsalen i Tunet. Møtet er for både føresette og konfirmantar. Her får du informasjon om innhaldet i konfirmanttida, grupper og om påmelding.

Søndag 7.juni kl. 09:00: Påmeldinga startar! Føresette melder konfirmanten på, og saman vel de gruppe, konfirmasjonsdato og klokkeslett. Lenke til påmelding finn du lenger ned på sida, under "Påmelding til konfirmantopplegget".

Vi i Os kyrkjelyd vil ønske deg velkommen til eit kjekt og innhaldsrikt konfirmant-år hjå oss!

Her kjem lenke til brosjyre som er sendt ut til alle medlemmar Os kyrkjelyd i 2012-årskullet:

Praktisk informasjon

Kva skjer i konfirmanttida?

Kva skjer i konfirmanttida?

Vi har eitt konfirmanttilbod til alle 9. klassingar – uansett om ein går på Os eller Nore Neset ungdomsskule.

Som konfirmant skal du få utforske kyrkja og trua gjennom aktiviteter og fellesskap. Du vil bli betre kjend med deg sjølv og andre på ditt kull, og få mange kjekke opplevingar for livet. Du vil og møte ungdomsleiarane våre som blir med på leir, arrangement eller på aktivitetane våre. 

Gudstenester
I løpet av året skal konfirmantane gå på 8 gudstenester. Nokre av desse ligg allereie i planane vi har laga, medan 4 gudstenester vel dei sjølve når dei vil gå på gjennom året.


Konfirmasjonsgudstenesta vel du ved påmeldinga. Der kan du velje dag og klokkeslett.

Leir
Leir er ein del av det obligatoriske konfirmantopplegget. Alle konfirmantane skal få reise på leir. Det er utruleg kjekt, og gjev eit minne for livet. I år reiser konfirmanten på leir med gruppa si, og leiralternativet kan du lese meir om i eigen infobolk.

 

Konfirmantavgift
Det kostar 2200,- for å vera konfirmant i Os kyrkjelyd i år. Du kan velje å betale heile denne summen ved påmelding. Eller du kan få den delt opp i fleire faktura utover året.

Summen dekkjer inn utgifter til undervisningsmateriell, bibel, konfirmantkappe, leirutgifter og mat.
 
Konfirmanttida er for alle
Økonomi skal ikkje vera eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt med oss ved behov for å finne ei anna løysing enn det som er lagt fram her.

 
Samarbeid med heimen
Vi er avhengige av at de som foreldre stiller opp og bidrar på ulike aktiviteter i konfirmanttida. Ved påmelding melder du deg til ei av desse oppgåvene:

- Lage mat til konfirmantsamling kl 14.00 - 16.00
- Vaksenstøtte på samling i Tunet; kl. 15.30 - 17.45
- Foreldre på leir/overnatting.

Påmelding til konfirmantopplegget

Det er viktig at påmeldinga til konfirmantåret skjer av ein føresatt. Det er og særs viktig at det er konfirmanten sin kontaktinfo som ligg under konfirmanten sitt namn. Fyll inn all informasjon vi ber om og klikk på «send» for å fullføre påmeldinga. 

Du skal få ei stadfesting på epost om at påmeldinga er motteke. Kontakt oss om du ikkje har motteke denne eposten.

Vi erfarer at det er viktig for mange konfirmanter å vera sammen med kjende og vener på aktivitet og leir. Vi vil likevel opplyse om at dei aller fleste klarar seg fint sjølv om dei ikkje kjem saman med andre kjente. Men bruk tid på å avtale saman med dei det er viktig å reise på leir saman med for eksempel, slik at ein melder seg på rett frå første stund.

Konfirmasjonsgudsteneste
Ved påmelding kan du velgje kva dag og klokkeslett de ønskjer for konfirmasjonen. Vi tilbyr mange gudstenester, så vi trur det skal gå fint for alle å få ei gudsteneste som passer. Alternativet forsvinn frå lista når gudstenesta er full.

  

"Første mann til mølla"-prinsippet

Vi har berre plass til eit visst antall i kvar gruppe. Når gruppealternativa vert fulle forsvinn dei frå lista som alternativ vidare, så det er lurt å melde seg på så snart de kan

Skjema for påmelding finn du her!

Informasjon om leir

Informasjon om leir

Leiren er, for dei aller fleste, høgdepunktet i konfirmanttida. Alle konfirmantane får reise på leir. Du reiser på leir saman med aktivitetsgruppa di, og saman med dei andre gruppene.

Alle drar på leir til Raknestunet/Osterøy, og vi drar saman i leigd buss. Utgiftene til leiren ligg allereie inne i  konfirmantavgifta.

6.- 8.nov 2026: Burgergrupper runde 1 + JoinUs

23.- 25.jan 2026: Burgergrupper runde 2 + Appkonfirmanter

Konfirmanttida er for alle

Konfirmanttida er for alle

Alle er velkommen som konfirmant i Os kyrkjelyd, uansett kven du er. Alle menneske er unike og skapte i Guds bilete, og alle kan finne sin plass i vårt fellesskap. I Den norske kyrkja er det rom for deg uansett tru og tvil, identitet, etnisk bakgrunn, kjønn og seksualitet.

Alle menneske er ulike og uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Vi ønskjer, i samarbeid med føresette å legge til rette for at alle skal få ei god konfirmasjonstid i Os kyrkjelyd. Vi kan tilpassa opplegg for konfirmanter med spesielle behov ut i frå fysiske, psykiske eller sosiale utfordringar.

Rom for deg
Vi har ei eiga gruppe for dei som treng individuelt tilpassa opplegg. Den heiter “Rom for deg”, og du melder konfirmanten på i denne dersom konfirmanten har behov for eige opplegg. Les meir om dette tilpassa konfirmantopplegget i Os kyrkjelyd, i neste boks.

 

Meld frå om behov
Behov for tilrettelegging handlar ikkje berre om diagnoser og funksjonshemming. Det kan være utfordringar i livet som må tas hensyn til; lese- og skrivevansker, angst, sjenanse, sjukdom i nær familie og så videre. For nokon kan ein avtale om å få ringe heim når han/ho er på samlinger, det å få gå før det er slutt eller få andre praktiske arbeidsoppgåver vera avgjerande for opplevinga av konfirmantåret.

For oss handlar det om å kunna gje god hjelp og ta kloke valg i samarbeid med heimen, slik at alle får like mogelegheiter for å kunne delta. Det handlar om at vi ønskjer det beste for konfirmantane, at dei skal bli inkludert og få praktisere trua si.

Dersom de har spørsmål eller tankar om konfirmantåret for din konfirmant, ta kontakt så tidleg som mogleg.

Har du behov for individuell tilrettelegging, meld frå om dette ved påmelding.

Les meir om opplegget vi i Os kyrkjelyd kan tilby, i den neste raude boksen (Tilrettelagt opplegg i Os kyrkjelyd)  

Døvekyrkja i Bergen har i tillegg eit eige tilbod, sjå lenka her.

Bur familien i utlandet?
Unge som er bosatt utenfor Norges grenser kan være ”nettkonfirmanter” i regi av Sjømannskirken
Her er lenke til meir informasjon om tilbodet.

Aktivitetsgrupper og tilpassa opplegg

Tilpassa konfirmantopplegg i Os kyrkjelyd

Alle menneske er ulike og nokre treng ulike tilpassingar av eit konfirmantopplegg. Uansett funksjonsevne eller utfordringar i kvardagen har du rett til ei god konfirmanttid.

Rom for deg og meg
Alle menneske er unike og nokre treng ulike tilpassingar av konfirmantopplegget. Uansett behov, funksjonsevne eller utfordringar i kvardagen har konfirmanten rett til ei god konfirmanttid.

Dersom din konfirmant treng eit individuelt tilpassa konfirmantopplegg, er det dette tilbodet konfirmanten skal meldast inn i.

Gjennom samtale med dykk som familie legg vi til rette for eit tilpassa opplegg, og evt deltaking på leir om det er ønskjeleg. Innhaldet og metodane kan vera praktisk retta, og kopla mot nokre av aktivitetene i kyrkjelyden.

Meld frå til oss så snart som mogeleg - for at vi skal kunne finne dei beste løysingane for konfirmanten er det viktig at vi får beskjed i god tid!


GRUPPETILBODA

Burger og bibel
Ein onsdag i månaden får du Burger og Bibel! Vi møtast i Tunet etter skuletid, til mat og prat. Gjett kva som står på menyen! Etter måltidet deler vi oss i grupper og har det gøy. Vi leikar, spelar og snakkar saman. Til slutt avsluttar vi dagen i kyrkja, med bibel, bønevandring og velsigninga. Samlingane varer frå kl. 15–17.45.

Det er åtte grupper å velje mellom – avtal med ein ven dersom det er viktig for deg å kome på gruppe med nokon du kjenner frå før:

«Salat & Salme 1»
«Ketchup & Kristus 1»
«Brød & Bøn 1»
«Dressing & Disippel 1»

«Salat & Salme 2»
«Ketchup & Kristus 2»
«Brød & Bøn 2»
«Dressing & Disippel 2»

Så snart ei gruppe er full, blir ho stengd for nye påmeldingar.

JoinUs Tensing
JoinUs TenSing er ei ungdomsgruppe på rundt 30 medlemmer med musikk og scene i fokus.  Det er eit kreativt og kjekt fellesskap der vi saman skaper gode opplevingar både for oss sjølv og publikum når vi opptrer. 

Som konfirmant blir du med i dette fellesskapet heile konfirmanttida og får vera med på å forme innhaldet i året. Enten du har årevis med erfaring med:

·      Sang (kor eller som solist)
·       Instrument
·       Dans
·       Fotografi
·       Drama
·       Lyd/lys på scene
·       Matlaging (til pausen)

Eller du aldri har vore innom dette, så er du hjertelig velkommen! I JoinUs TenSing kan du utvikle deg videre innen noko du allereie kan, eller du kan prøve noko heilt nytt! 

Gruppa møtes kvar onsdag kl. 18 – 21, drar på to leirer i løpet av året, opptrer på gudsteneste på hausten og arrangerer eigen konsert på våren. 

App - konfirmant
Dette er tilbodet for deg som har eit spesielt travelt fritidsprogram. T.d. om idretts- eller musikksatsinga di er så omfattande at du ikkje får med onsdagssamlingane.

I staden for dei obligatoriske onsdagssamlingane, følgjer du eit digitalt opplegg med leksjonar, der du les tekstar, ser undervisningsfilmar og svarar på spørsmål. Gjennom leksjonane blir du betre kjent med den kristne trua – og kanskje deg sjølv?

Som App-konfirmant deltek du likevel på dei store felles arrangementa, som Avspark, Lysmesse, Fasteaksjon, Leir og Avslutning.

Konfirmasjon og dåp

Dersom du ikkje er døypt kan du likevel bli konfirmert i kyrkja. Over tusen ungdommar blir kvart år døypt i løpet av konfirmasjonstida. Du får god informasjon på førehand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste, til ein fin seremoni. Ta kontakt med oss, eller skriv i påmeldinga om du ynskjer dåp.

Konfirmasjonsdatoane 2027

2027
Laurdag 1.mai -  Os kyrkje
Søndag 2. mai -  Nore Neset kyrkje 

Laurdag 8. mai - Nore Neset kyrkje
Søndag 9. mai - Os kyrkje

Kontakt