På Intro-kveld fredag 12. juni kan du som går på 7.trinn bli kjent med nokre av tilboda i Ungdomstunet!
PROGRAM
Kl. 19-20: Bli med på KRIK i Os Aktiv
Kl. 20-22: KLUBBEN på Tunet, med
Pizza & andakt
Leik og moro
Hobbyaktivitetar (perle armband, teikne, måle)
Bordtennis, biljard m.m.
Kort & brettspel
Bålpanne og aktivitet på Kyrkjeflaten
Dette er eit tiltak for 7.-klassingar, og invitasjon er sendt ut til mange i posten. Kjenner du nokon som ikkje har fått invitasjon, er dei hjarteleg velkomne til å melde seg på og bli med!
Arrangementet er GRATIS - men hugs påmelding innan 1. juni!
Vi treng hjelp av nokre foreldre til praktiske oppgåver denne kvelden. Flott om de har høve til dette!
KRIK blir vanlegvis arrangert kvar fredag i skuleåret klokka 18-19.30. Her legg ungdommar sjølv opp til ulike aktivitetar, som til dømes fotball, volleyball, frisbee og mykje meir.
KLUBBEN er open på Tunet om lag to fredagar i månaden frå 19.30-23.00. Her kan ein spela bordspel, "Golden Key", brettspel, perle, teikne, måle, slappe av eller grille marshmellows på bålpanna utanfor. Det er alltid fgratis mat, og ein kan delta på andakt og lystenning om ein vil.
UNGDOMSTUNET er Os kyrkjelyd sitt ungdomsarbeid. Vi tilbyr ulike aktivitetar for aldersgruppa 13 til 25 år. Her er det rom for alle og einkvar - for dei som er godt kjende med kyrkja, og dei som ikkje er det. Les meir om Klubben, KRIK, JoinUs og mykje meir på www.ungdomstunet.no.
