Fasteaksjonen 2023

Kva er fasteaksjonen?

 

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon «Håp i en dråpe vann» skjer 26.-28. mars 2023, over heile landet. 

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er Norges nest største innsamlingsaksjon som engasjerer rundt 40 000 frivillige bøssebærarar frå 1200 norske kyrkjelydar.

Takk for at du er med!

 

Kva går pengene til

Saman med kyrkjene i Norge arbeider Kirkens Nødhjelp med akutt bistand i katastrofer og med langsiktige prosjekter for å redusere nød og fattigdom i verden. Saman arbeider vi for fred og rettferd, og for å redde liv. I fasteaksjonen samlar vi inn pengar til dette livsviktige arbeidet.

Eit av landa vi arbeider i er Tanzania. I 2014 hadde Kirkens Nødhjelp TV-aksjonen, og frå dei innsamla midlene fekk 1,7 millionar menneske varig tilgang til reint vatn. Landsbyen til 15 år gamle Deodata er ein av desse. Før dette skapte lange tørkeperioder store problemer, og dei måtte gå langt for å hente vatn. Deodata brukte tre timer på kvar dag på dette, noko som resulterte i at ho ikkje kunne fullføre skulen. No tar turen for å hente vatn kun 5 minutter og innbyggjarane held seg friske.

La oss saman gje fleire i verda moglegheita som Deodata og hennar landsby har fått gjennom årets fasteaksjon.

 

Korleis kan vi bidra

Os kyrkjelyd bidrar kvart år, og konfirmantane går føre med eit godt eksempel.

Alle i kyrkjelyden kan delta, og hente seg ei bøsse i Tunet etter gudstenesta og kyrkjekaffen (Storsalen) i Os kyrkje søndag 26.mars.

Denne dagen går vi frå dør til dør med bøsser, ikkje berre for å samle inn kontanter, men òg for å bevisstgjere og engasjere flest mogleg.

 

  1. Gje ei gåve
     Vipps: Send ditt bidrag til 2426
     SMS: Send kodeord VANN til 2426 (250 kr)
    – Sett inn eit beløp på gavekontoen vår: 1594 22 87493.
    Merk gåva med «Fasteaksjonen».

 

  1. Digital innsamling på Spleis
    – Bli digital bøssebærer ved å donere til og dele den nasjonale digitale bøssebæring-aksjonen. GJE DIN STØTTE HER

 

  1. Engasjer deg på sosiale medier
    – Følg oss på Facebook og Instagram og del våre poster.
    – Oppfordre andre til å gjøre det samme!

 

  1. Støtt bøssebæraren som kjem heim til deg.

  

  1. Bli fast giver: Gi et liv med vann – hver måned. Registrer deg her.

 

  1. Engasjer deg i årets påvirkningskampanje! I år handler påvirkningskampanjen om Verdens Beste Nyheter og at det nytter å engasjere seg i kampen om en mer rettferdig verden. Les mer om årets kampanje her

Sjølv om det kan kjennes ut som om det lille vi gjev eller gjer berre er «ein dråpe i havet», så vert alle desse dråpene til slutt eit stort hav. Du utgjer ein skilnad, og saman bidrar vi til håp i verda! Takk for ditt bidrag!

Sitat

Fasteaksjonen 2023 video

Kan ikke laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Sitat

Utstilling i Tunet og Os kyrkje

Sitat

Informasjon til konfirmantene

Detaljer fasteaksjonen 2023

Innsamlingsaksjonen i Os kyrkjelyd er både digital og fysisk.
FYSISK INNSAMLING:

Det vil sei at alle konfirmantane skal ut å gå med bøsser, og ringe på dører og be om pengar til eit viktig arbeid for verdens utfordringar. Vi har snakka med ein del av konfirmantane som seier dei vil heller gå ut med bøsser, gjere noko fysisk, få lov å kjenne at dei er bidreg i staden for å berre dele innsamlinga digitalt. Det er noko med det å kjenne at deltek som ei brikke i eit større fellesskap.
Kyrkja sitt diakonale arbeid er ein sentral del av det konfirmanten skal ha innsikt i, i løpet av konfirmantåret. No skal dei få bidra med sine eigne hender og føter i vårt diakonale arbeid, heilt konkret og fysisk.


Roder Husa/vegane/områda konfirmanten skal gå i kallar vi for RODER. Dette kan vera området rundt der de bur, eller andre stader. Konfirmantane kan gjerne gå saman to og to. Og helst med ein vaksen i nærleiken som kan bistå om noko skulle oppstå, evt kjøre dei der det er langt mellom husa. Vi legg ut rodene på googledocs.dokument, som de kan åpne og skrive konfirmanten sitt navn inn i. Skriv også inn navn på sjåfør der det er krav om. Be konfirmanten din snakke saman med dei hen evt vil gå saman med. Konfirmantane får bøssene utdelt på søndag 26.mars.


Gullbillett Vi legg ut GULLBILLETTER på tilfeldige husnummer rundt omkring på rodene, som konfirmanatane kan vera heldige å treffe på. Dersom dei får ein GULLBILLETT tek dei den med seg inn igjen til TUNET når dei er ferdig med roden, leverer den sammen med bøssa og får ein stor og smakfull premie!


DIGITAL INNSAMLING:

Os kyrkjelyd oppretter ein SPLEIS, som alle kan dele. Konfirmanten kan dele tekst og bilete/video på sine sosial medier, med venner og familie og andre, der ein oppmodar til å bidra til fasteaksjonen.
Vi deler forslag til tekst, video/ bilder saman med ein SPLEIS som både konfirmanten og de foreldre kan dele (på vegne av din konfirmant)
Meir info om dette kjem i eigen epost.

Program søndag 26.mars

Klokkeslett og aktivitet
11.00 Gudsteneste med Fasteaksjonstema. Vi blir sendt ut!
12.30 Kyrkjekaffe i Storsalen (Hot dog + kaker)
12.30 Fotoutstilling
13.00 Utdeling av bøsser/TUNET
13.30 - 15.30 DØR-TIL-DØR-aksjon
15 – 16 Innlevering av bøsser/TUNET/Eldstova


Vel møtt til gudsteneste!

Både konfirmantar og foreldre, søsken og besteforeldre er invitert til Fasteaksjonsgudsteneste! Gudstenesta er obligatorisk for konfirmantane. Her får de høyre meir om kva Fasteaksjonen er og kva pengane går til, og får inspirasjon til å gå ut med bøsser.
Etterpå blir det kyrkjekaffe, med kaffe og kaker, før ein hentar bøssene for å gå ut på DØR-TIL-DØR-aksjon. Her kan de og få med dykk den flotte, sterke og rørande bildeutstillinga som er på «besøk» her hjå oss no.


Bøsseutdeling

Bøsseutdeling skjer frå ulike rom i TUNET, alt etter kva området du skal gå med bøsse i. Her hentar du bøsse til det området du har meldt frå om at du skal gå i. Dette har foreldre lagt inn i skjema før denne dagen. Konfirmantane blir fulgte av vaksne, som kjører dei der dei skal.


Langs ruta – på eit av husnummera - kan konfirmantane treffe på nokon som har ein GULBILLETT til konfirmantane. Den tek dei med seg tilbake til TUNET og leverer inn i bytte mot ein stor og smakfull PREMIE
Bøssene skal leverast inn igjen i TUNET, på samme plass som ein henta dei.
Vel møtt til ein av dei viktigste dagane i året! Takk for at de bidreg!

Historie - Håp i ein drope vatn

Snart er det konfirmantane i Os kyrkjelyd sin tur til å bidra i Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon.

Søndag 26.mars samlar vi oss, saman med konfirmantar frå heile Norge, og går dør-til-dør-aksjon med bøsser for å samle inn penger til Kirkens Nødhjelp sitt livsviktige arbeid for å redusere fattigdom og nød i verden.
Kirkens Nødhjelp kom raskt i gang med hjelpearbeid etter det tragiske jordskjelvet som ramma Tyrkia og Syria. Det største behovet no er tak over hovudet, mat, vatn, ulltepper, varme klær, bleier og hygieneartikler. Når du frå no av ser nyheter om jordskjelvet i Syria, så kan du tenke at "eg er tilstades der med naudhjelp - fordi når eg er med i fasteaksjonen og samler inn til dette arbeidet, så gjer eg det mulig for Kirkens Nødhjelps lokale partnere å rykke ut med umiddelbar hjelp til dei som har overlevd jordskjelvet»


Eitt anna land Kirken Nødhjelp arbeider i er Tanzania. I 2014 hadde Kirkens Nødhjelp TV-aksjonen, og ved dei innsamla midlene fekk 1,7 millioner mennesker varig tilgang til reint vatn.


Landsbyen til 15 år gamle Deodata (bilete på toppen) er ein av desse. Før dette, i dei lange tørkeperiodane, brukte Deodata 3 timer kvar dag på å hente vatn. Dette resulterte i at ho ikkje fekk fullført skulen. No tar turen 5 minutter og innbyggarane i landsbyen hennar held seg friske og ho kan gå på skule.
La oss no saman gje fleire i verda dei same mogelegheitene som Deodata og hennar lansdby har fått. Takk for at du er med, og bruker føtene dine til å gå ut og hendene til å ringe på hus og samle inn penger i bøsser!! Din innsats er utruleg verdifull! Din innsats er som ein dråpe vatn, som saman med alle andre dråper kan utgjere eit heilt hav. SAMAN BIDRAR VI TIL HÅP I VERDA!

Kontakt

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"