Song
I koret lærar vi nye songar.
Har du prøvd å syngja i mikrofon?
Det er ekstra spennande og alle kan få prøve det. Når vi opptrer blir
koret ofte satt mikrofon på og dei som skal syngje solo vil få eigen mikrofon.
Kanskje du har lyst til å synge solo?
Fellesskap
I samband med øvinga vil det bli eit måltid i lag. Det er sosialt og kjekt, og gjer godt med litt påfyll!
Øvingar for felleskoret 1.-7. klasse blir torsdagar i oddetallsveker kl. 17.00-18.30 i Storsalen.
5.-7. klasse vil i tillegg ha eigne øvingar torsdagane i mellom (partalsveker) kl. 17.30-19.30 i Storsalen og Spegelen.
Små variasjonar frå dette kan koma, og heile semesterplanen blir lagt inn i Spond-gruppa vår. DENNE KAN DU LEGGE TIL I SPOND-APPEN VED Å SKRIVE INN KODEN FPQUZ.
Oppstart:
Torsdag 10. september er det oppstart for hausten 2026! Ta med ein ven til Tunet, kom innom og sjå om dette er noko for deg. Du kan òg melde deg på her!
Festival
Kvart semester prøver vi å få til å få delta på festival. Denne hausten skal vi delta på Barne- og tweensfestivalen i Skjold. Vi pleier også å synge på nokre gudstenester og andre arrangement inn mot jul.
Koret er organisert under KFUK-KFUM. Det koster 200 kr i semesteret å delta. Faktura kjem antan på e-post eller SMS frå KFUK-KFUM.
Er du ny i koret er første faktura på kr 300 (inkl. medlemsavgift hos KFUK-KFUM).
Hjarteleg velkommen i gjengen vår!
