Det er ein plass for deg i Den norske kyrkja

Viss du ynskjer å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døpt, bør du ta kontakt med presten i kyrkjelyden der du bur. Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja.

Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapet om Jesus Kristus som verda si Frelsar til alle menneske, utan omsyn til dei motiv folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedømene, prostiane og sokna (= kyrkjelydene) er geografiske einingar som dekkjer heile landet, og alle innbyggjarane i Norge bur dermed i ein av Den norske kyrkja sine kyrkjelyd. Den norske kyrkja sine kyrkjelyd henvender seg til heile befolkninga: Også utmeldte og andre som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja, er velkomne til kyrkja sine gudstjeneste og andre arrangement.

1. januar 2014 var 75 % av befolkninga medlem av Den norske kyrkja.

Medlemar grunngjev sitt medlemskap ulikt. For nokon tel respekten for vår kristne tradisjon og kultur sterkast, medan det for andre bunner i eit djupt personleg engasjement. Kyrkja ber aldri om grunngjeving for kyrkjemedlemskap for den einskilde.

Opplysningar om medlemskap i trus- og livssynssamfunn kan ein få ved å ta kontakt med Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"