Dugnad på kyrkjegardane

Sola skin, fuglane kvitrar og endeleg kan me samlas til hyggeleg lag for å ha dugnad på alle kyrkjegardane våre her i Nord – Aurdal.

Dugnad på kyrkjegardane

Me gler oss over at det atter ein gong er mogleg å møte nye og gamle bygdafolk til dugnad på kyrkjegarden slik at den blir fin til både konfirmasjonane og sumaren me går i møte.

Her er oversikt over dei ulike tidspunkta ved dei ulike kyrkjegardane:

Kyrkje

Dag og tid

Leiar for dugnaden

Tingnes kirke

Tysdag 3. mai kl. 17:00

Jonny Rye

Aurdal kirke

Måndag 9. mai kl. 17:00

Tove Kjøbli

Strand kirke

Tysdag 10. mai kl. 17:00

Årleg møte etter dugnaden, det blir servert kaffi og kake.

Karen Marie Tvedt Strand

Ulnes kyrkje

Onsdag 11. mai kl. 18:00

May-Kristin Rognaas

Tisleidalen kirke

Torsdag 19. mai kl. 17.00

Anna Rust Holt

Skrautvål kyrkje

Fredag 20. mai kl. 18:00

Håvard Meisdalshagen

 

Du kan gjerne med eigen reiskap som rive og spade, samt mat og drikke til pausa.

Det vil bli servert gratis brus til alle som deltek.

Vel møtt til liten og stor, om du kan vere lenge eller kort. Om du berre rekk å slå av ein prat er du hjartleg velkomen til det og.

Håpar me sjåast til felles innsats og glede!

 

Arrangør: Sokneråda i Nord-Aurdal

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"