Preken fra Forsoningsgudstjeneste 4. mai 2022

Her kan du lese Preses Olav Fykse Tveit sin preken i Trefoldighetskirken under forsoningsgudstjenesten som ble feiret 4. mai 2022.

Preses Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen

Preken i Trefoldighetskirken, Oslo 04. Mai 2022
av Preses Olav Fykse Tveit

Tekst: 2 Mos 3,1-8; Joh 21,1-14

«Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.»

Slik startar eitt av dei mest kjende og kjære dikt i norsk litteratur, skriven av Haldis Moren Vesaas. Dei kunne stå som overskrift over kva forsoning skal vere. Det handlar om å sjå det ein talar om frå den andre sida, fråd ei andre si erfaring, frå den andre sitt  behov for å dele slik at ein kan forstå meir om den andre, men også meir om seg sjølve.

Divere veit vi at ordet «vi» kan nettopp brukast til å undertrykkje andre for å bli ein del av det, eller for å definere nokon utanfor, andre innanfor.

Det kan også stå som overskrift over eit anna ord som diktet framhevar: Solidaritet.

For tittelen på diktet er dessverre aktuelt på ein måte vi ikkje likar: TUNG TIDS TALE. Det er skrive i 1944, og tek utgangspunkt i opplevingar i Europa som vi ikkje trudde skulle kome igjen. Både globale perspektiv og historiske og aktuelle refleksjonar om korleis ulike grupper, så som urfolk og nasjonale minoritertar har hatt det og har det i ramma av større nasjonar og samfunn, gjer at vi høyrer ulike former og tider for TUNG TIDS TALE.

Påskas budskap kan også samanfattast i det samme uttrykket: «Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter det: vi.» Det var verkeleg tunge tider som prega disiplane si historie og livskjensle. Den enkelte disippels angst og mørke frå langfredagens krossfesting og kollaps av fellesskapet med deira Jesus, vert møtt av den oppstandne. Det skaper ei tru på hans lovnad om at han er med dei. Ja, meir enn det. Hans ord og handlingar om at dei høyrer saman, i Gudsriket som er kome nær.

Når dei samlast igjen, kjenner dei han igjen når han invitererer dei til måltid. Og det er ikkje eit generelt møte, men heilt konkret, knyta til Tiberiassjøen, ein stad dei kjente og som var deira naturlege miljø, der dei har hatt sin heim, sitt arbeid, og der var det også dei hadde sitt møtt sine kall til å vere ein del av fellesskapet med Jesus.

Møtet med den oppstandne i deira eige landskap og deira kjente, vanlege liv vert ein bekreftelse av at det er i deira landskap og i deira liv at dei finn det heilage og den heilage. Og det heilage handlar om å vere sammen.

Det vert eit heilagt måltid av deira henders verk. Det vert ein ny dimensjon i det dei har av erfaring med sine arbeidsverktøy i båt og garn. Det vert skapt noko nytt i det kjente, der naturens råvarer og bålets lys og varme tilsaman vert mat og måltid som kan delast og nære deira liv. Både det konkrete og fellesskapet har med Gud å gjere. Begge delar har med deira åndelege liv å gjere. Guds Ande skaper, er livgjevar, og føre oss saman i eit fellesskap. Alt vert helga ved den oppstandnes nærvær og invitasjon: «Kom og få mat!»

Det var noko kjent, spesielt i dette måltidsfellesskapet med Jesus. Men det var også noko nytt. Det nye gjer at Guds-biletet dei kanskje hadde sett i møte med han før påska, vert endå tydlegare. I påskemorgonens nye lys ser dei at den krossfeste er den oppstandne. Det er han som syntest å tape, ja tape alt, som Gud reiser opp. Det er ikkje nokon som må bli heilt Gudsforlatt, same kor ille det kan gå.

Den kristne tru har aldri vore berre eit spørsmål om den eine som er åleine. Heller ikkje berre Jesus og meg åleine. Heller ikkje handlar det berre om den enkelte sin salighet. Oppstoda har sidan dei første såg den tome grava alltid vore eit budskap som må delast med dei andre. Det er ikkje noko å halde for seg sjølv.

I vår nattverdliturgi seier vi. «Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.»

Dette fellesskapet er ope – også for oss. Det er ope, slik den oppstandne er open i møtet med sine. Møtet med den krossfeste og oppstandne er eit nådens og kjærleikens møte. Deira svikt og svik stengjer ikkje lenger for fellesskapet.

For den dei møter, er den krossfeste og oppstandne. Den som veit om deira veikskap, deira svikt. Men det er også ein Gud som lever med dei som den lidande Gud. Den Gud som lir med sin skapning og sine folk.  Styrken er kjærleikens styrke, den medlidande sin styrke.

Kyrkja må vere den som fremjar, som viser, som stadfester kjærleikens kraft og glede. Den er ekte menneskeleg. Skapt av Gud.

--

I møtet med det heilage, med Den Heilage, vert Moses dratt inn i noko større. Det er ikkje lenger berre «eg» i eit slikt møte. Det er eit møte med ein Annan som seier «eg er – din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Så vert perspektivet endra.. Du er på heilag grunn. Det er ikkje berre eitt einsamt  «eg» som definerer kva som er.

Men heller ikkje Den Heilage er ein som berre er for seg sjølv. Det er det Gud ikkje er. Det er Den Andre som høyrer og ser:

«Eg har høyrt skrika deira. Eg kjenner deira smerte.»

Gud høyrer mange rop i desse dagar.

Ropa kjem frå Mariupol i Ukraina, der menneske opplever «apokalyptiske tilstander», som FNs generalsekretær kalte det for eit par dagar sidan. Ropa kjem også frå mange der flyktningebarn har funne ein ny heim, men saknar sine fedre og brødre som er att for å kjempe for fridom. 

Ropa kjem frå alle stader der menneske ropar etter frigjering frå undertrykking og krig, frå ein ufatteleg angst og uro, der menneske lengtar etter rettferd og fred. Verkeleg rettferd og verkeleg fred. Ikkje fake news eller propaganda. Verkeleg forsoning. Verkeleg forandring.

Det er den same Gud som høyrte ropa frå eit kua folk i Egypt som også kjenner alle folk som er kua og truga, enten det er  urett eller av anna misbruk av makt.

Læresveinane møtte den samme Gud ved deira bål som Moses ved sitt bål:  Det er ein Gud som kjenner deira smerte.

I lyset av oppstoda ser vi noko nytt som også er teikn på ein som var der frå før. Nytt liv av daude gror, heiter det i ein av dei mest kjende norske vårsalmar. 

Det er likevel ikkje alltid slik. I det minste må vi sjå rett i augene paradokset i vår Gudstru.

Og då ser vi rett på krossen. Vi ser at den oppstandne Kristus er også den krossfeste Kristus. Dette er det særdeles viktig å halde fast på i denne tida.

--

Det er ikkje sjølvsagt at det vert presentert som kyrkjas bodskap. Det vert mellom anna tydeleg i patriark Kirills budskap den 27. mars, der han gir ein refleksjon over krossens meining i vår kristne tru. Han omtalar korleis den krossfesta blir framstilt som den sigrande Kristus i hans kyrkjetradisjon, i motsetnad til dei mange framstillingar av den lidande Jesus Kristus i vestlege kyrkjer. Den sigrande Kristus vert for han ein leiar i kampen mot alt som kyrkja skal nedkjempe av det han ser som synd og elende, mellom anna den fridom som menneske har til å vere seg sjølv og elske - med den orientering eller legning ein har i mange land i Europa. Og slik vert den brutale krigen begrunna, ja, helga. Han meiner det er upassande å legge så stor vekt på å framstille den lidande Kristus som vårt forbilde.  

Men då vert også det verkelege biletet av Den Heilage tildekka eller heilt borte. Når biletet av det sanne menneskelege vert tildekka eller den verkelege menneskelege lidinga uvesentleg, då vert det eit vrengebilete av Gud. Dei ufattelege lidingane som krigen påfører andre menneske vert ikkje grunn nok til å fordømme den.  Biletet av den Gud som høyrer sitt folks rop, som kjenner deira lidingar, vert erstatta av ein slags hærførar, ein Kristus som gir keisaren makt til å kue og endå til påføre andre menneske uhøyrte lidingar, ja endå til menneske av hans eigen flokk og kyrkje i Ukraina.

Den oppstande er for alltid også den krossfeste Kristus. Det er den samme Gud som bryr seg om folkets nød i møte med dødens makter kvar dag og kvar natt.

Då er det tid for oss til å finne kva slags bål vi kan tenne for å skape heilage møter av kjærleiken vi har fått del i. Då er det tid for å vere noko som formidler varmen og gløden frå fellesskapet rundt bålet med den oppstandne.

Og då kan vi høyre resten av diktet TUNG TIDS TALE:

EIG DU LYKKA, ER HO IKKJE BERRE DI.
Alt det som bror din kan ta i mot av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
Ver du eit bål, strål varme ifrå deg.

Hender finn hender, herd stør herd,
Barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forforsne, at DU er varm!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"