Minneord Gunnar Salomonsen

Gunnar Salomonsen 30.august 1944 – 4.mai 2026

Publisert:

Bilde av Gunnar Salomonsen og Josten Vestbø er frå Los Cristianos, Tenerife, i 2023. Fotograf: Norodd Stavenjord.
Bilde av Gunnar Salomonsen og Josten Vestbø er frå Los Cristianos, Tenerife, i 2023. Fotograf: Norodd Stavenjord.
Det er djupe og gode spor etter Gunnar Salomonsen alle stader han gjorde teneste. Då han gjekk av med pensjon 62 år gammal, hadde han i praksis - om me tel arbeidstimar, ikkje år - stått på til han var 67, minst. Stå på - m.a. med vikartenester og bibeltimar - det gjorde han forresten også som pensjonist. Men han fekk også velfortent meir tid m.a. til familiefellesskap og reiseopplevingar. 
 
Gunnar hadde ein tydeleg pastoral identitet og profil. Hans pliktkjensle og tenesteglede var ikkje til å ta feil av. Heller ikkje hans lynande intelligens, hans sterke teologiske kompetanse, hans engasjerte og Kristus-sentrerte forkynning. Saman med dette må også hans humoristiske sans og den joviale forekomande omgangstone som prega han nemnast.
 
Og dessutan: kor uproblematisk det var for han å samarbeida også med dei som i teologiske eller andre spørsmål hadde kome fram til andre standpunkt enn han.
 
Gunnar Salomonsen var real-artianaren som blei teolog. Han koste seg med tal. Det er heilt sikkert mogeleg i hans etterlatne notisbøker å finna kor mange timar av livet han var ombord i eit fly i lufta. Som fagperson var han, slik eg ser det, særleg sterk innanfor den systematiske teologi, som handlar om kristendomens læreinnhald. Neppe tilfeldig.
 
Men samtidig var han den prost som, som det mest sjølvsagde, ikkje berre samla prestane kvar veke til samtale om komande sundags tekst, men lét det gå på omgang å lesa høgt, omsetja og forklara den greske grunnteksten. Back to basics! Tilbake til kjeldene, utgangspunktet, så kan me orientera oss derifrå. Det var Gunnar. Og han meistra såvisst ikkje berre tal. Også bokstavar, inkludert greske og hebraiske. Og bokmål og nynorsk alt ettersom. Men nynorsk var hjartespråket.
 
Gunnar hadde ein enorm arbeidskapasitet, og tok på seg ulike viktige tillitsverv utanom den daglege gjerning som prest. Han arrangerte også mange innhaldsrike utanlandsturar og sette seg inn i alt som var verd å vita om stadene ein kom til.
 
Me er mange som har nytt godt av hans fakta-kunnskapar, hans forkynning og rettleiing, hans visdom og hans vidd. Den som kom han så nær at den sårbare sida blei tydeleg, fekk eit endå meir fullstendig bilde av han og fekk endå større respekt for han.
 
I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande takkar me for Gunnar Salomonsen, den han var og alt han gav, og me lyser fred over minnet.
 
Jostein Vestbø

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"