Medlemsskap

Det er dåpen som er kriteriet for å bli medlem i Den norske kyrkja. Ved å vere medlem i Den norske Kyrkja får du kyrkjelege handlingar gratis, og borna får tilbod om trusopplæring.

For å bli medlem i Den norske kyrkja må du vere døypt.

Rettar og plikter som kyrkjemedlem

Den som meld seg ut av kyrkja, har rett til informasjon om konsekvensane som utmeldinga får. Ein har ingen kyrkjelege rettar og plikter viss ein meld seg ut.

Stemmerett ved kyrkjelege val. Utmeldte kan ikkje ta del ved soknerådsval eller i avstemningar i soknerådsmøter.

Kyrkjelege verv kan ein berre inneha som medlem av Den norske kyrkja (DnK). Utmeldte kan ikkje velgast inn i sokneråd, bispedømeråd, o.l.

Dåp er ei kyrkjeleg handling. Føresatte som er utmeldt kan ikkje utan vidare krevje å få sine barn døypt. Barnedåp forutsett at borna får opplæring i den kristne trua. Viss føresatte som ikkje er medlem av DnK, likevel ønskjer at bornet skal få ei kristen opplæring, og viss barnet får faddere som påtek seg ansvaret, kan bornet bli døypt etter nærare avtale med presten. Born som gjennom dåpen er blitt medlem av DnK, får moglegheit til å ta del i kyrkja si trusopplæring.

Fadder er oftast personar som er medlem av DnK. Også personar som er medlem av eit anna kristent trussamfunn og som ikkje forkastar bornedåpen kan velgast som fadder. 
Ein fadder skal vitne om at bornet er døypt, og blir ikkje sletta frå dåpsregister sjølv om han/ho meld seg ut av kyrkja.

Konfirmasjon forutsett at konfirmanten er døypt i DnK eller i eit anna kristent trussamfunn. Udøpte kan ta del i konfirmasjonsførebuinga viss ønskjeleg, men kan ikkje ta del ved forbønshandlinga på sjølve konfirmasjonsdagen.
Stadig fleire unge og vaksne, døypas i høve konfirmasjon. Antal vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa.

Kyrkjeleg vigsel kan ikkje utførast viss ingen av brudefolka tilhøyrer DnK. Men viss ein av brudefolka er medlem vil dette normalt vere tilstrekkeleg for at vigsel kan skje i kyrkja. Kvar enkelt prest har høve til å nekte å vigsle brudefolka dersom ein av dei ikke tilhøyrer DnK.

Kyrkjeleg gravferd/bisetting  dersom avdøde ikkje var medlem av DnK: Viss dei nærmaste pårørande ønskjer kyrkjeleg medverknad ved gravferda, har presten adgang til å forrette kyrkjeleg gravferd.

Kostnad i samband med gravferd/bisetting av personar som ikkje var medlem av DnK, må leigetakar (pårørande) betale etter satsar fastsett av fellesrådet som følgjer:
-Kostnad for leige av kyrkja
-I tillegg må det betalast ein godtgjersle for presteteneste (faktura kjem frå prostiet, ikkje Hareid sokn)

Dei borgarlege rettane berørast ikkje ved inn- eller utmelding av DnK.

Økonomisk:
Det er ikkje eigen kyrkjeskatt i Noreg. Alle registrerte trus- og livssynssamfunn motttek støtte pr. medlem frå staten, tilsvarande bevilgninga til DnK.


 

  • Dersom du ønskjer å melde deg inn eller ut, kan gjere dette digitalt via internett her.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"