Om oss

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår. Hareid kyrkjelyd har 3748 medlemmer (pr. 31.12.23), og har tilsett sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær, kyrkjetenar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid. Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. Hareid har og mange engasjerte frivillige som soknet kan spele på lag med. Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 fulltidstilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. (Foto under: Erlend Friestad/Hareid kommune)

Om oss