Ungdom lagar gudsteneste for ungdom

Søndag 11.juni er det innskriving av nye konfirmantar i gudstenesta i kyrkja. Denne gudstenesta er det ungdom som har planlagt og skal vere med å gjennomføre. Nærmare bestemt ei gruppe av dei som var konfirmert for eit år sidan. Nokre av årets konfirmantar skal delta med eit dramastykke og Hareid Ten-Sing skal synge.

Ungdom lagar gudsteneste for ungdom

Kantor Ida Teige har fri denne dagen, men det skræmer ikkje. Ten-Sing sin eigen pianist, Svenning Veiseth, har fått øve på orgelet og skal for første gang denne søndagen vikariere som organist. Litt saman med TS bandet og litt aleine.

Dei som ynskjer å melde seg på til konfirmantførebuing frå hausten av, er særskilt inviterte til denne gudstenesta saman med sine føresette.

Særskilt invitert er også dei som møter til minning denne dagen.

Etter gudstenesta vert alle invitert til tur framover Rotarystien. Speidarane på Bigset har saman med undervisningsutvalet sett opp ulike postar på vegen. Dette er postar med ulikt innhald, og vi reknar med å kåre ein vinnar rundt bålet framme ved brua. Bålet har Rotaryklubben lova å passe på slik at alle som vil kan grille seg pølser.

Denne dagen har vi enda større premie enn sist sporløp på Kvitneset, nemleg gåvekort på pizza frå Napoli. Så her er det berre å danne seg eit lag og trå til! Alle kan delta, og det vert organisert på kyrkjebakken rett etter gudstenesta. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"