Påskeprogram Hareid kyrkje 2023 & opningstider kyrkjekontoret

Vi gleder oss til påske, og håper du vil vere med å feire saman med oss! Sjå her kva du kan vere med på. Velkomen til Hareid kyrkje og vårt påskeprogram!

Grava er tom, Jesus har stått opp! Foto: Hareid sokn

Påskehøgtida er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Her er vårt påskeprogram:

Onsdag 29/3: Hareid kyrkje kl 19.30
Påskevandring
for vaksne v/Barbro Landmark. Påskeevangeliet tett på, vandring til tre stasjoner, tekstlesing v/Turid Engen og Astrid Grimstad. Song v/Sissel Anita Riise og Trude B. Sørdal.

Palmesøndag 2/4: Hareid kyrkje kl 11.00:
Familiegudsteneste
v/Barbro Landmark, Ida Teige, Med mykje musikkrefter og utdrag frå musikalen Bileams esel er denne gudstenesta ei heilt spesiell oppleving for store og små på veg inn i påskehøgtida. 5-åringane tek del i Bileams esel og får også utdelt kyrkjeboka si.  Offer til Kirkens Nødhjelp.

Skjærtorsdag 6/4: Hadartun kl 16.00:  MERK: HADARTUN!
Nattverdsgudsteneste
v/Lars Hartig Tangedal og Ida Teige. 
For den som har familie eller kjende som bur på Hadartun, er dette ei anledning til å feire gudsteneste saman på Vinterhagen.

Skjærtorsdag 6/4: Hareid kyrkje kl 19.00:
Skjærtorsdagsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige. Nattverd. Avduking alterbordet.
Kvelden for innstiftinga av nattverden feirer vi med at vi etter gudstenesta har eit fellesskapsmåltid i midtgangen av kyrkja. Det blir song og musikkinnslag ved Anne-Liv Holstad og Kristin Liavåg Karstensen


Langfredag 7/4: Hareid kyrkje kl. 19.00:
Langfredags kveldsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.
Vi høyrer lidingshistoria lesen, og lar tonane føre oss inn i ettertanken. Forsongargruppe. Solosong ved Guro Topphol. 


Påskeaftan 8/4: Ulstein kyrkje kl. 22.00:  MERK: ULSTEIN KYRKJE!
Påskaftangudsteneste

Påskedag 9/4: Hareid kyrkje kl. 11.00:
Høgtidsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.Nattverd. Offer til NMS.
Sjølve jubeldagen feirer vi oppstode-gleda med fellesskapet rundt tru, von og kjærleik. Lyset skin framleis i mørkret! Gjennom dei gode tonane og orda får vi løfte fram oppstode-kreftene for både nåtid og framtid.
Vi tek i mot 3 born i dåpen denne dagen. Blåsarar frå Musikklaget Melshorn tek del.

Varmt velkomen til å feire påska med oss i Hareid kyrkje!

 

Hareid kyrkjekontor har følgjande opningstider i påskeveka:
Måndag 3. april: Stengt
Tysdag 4. april:  Opent 10.00 - 14.00
Onsdag 5. april: Opent 10.00 - 14.00
Vanleg opningstid igjen frå tysdag 11. april

 

Sjå oversikt for alle våre aktivitetar framover "Skjer i kirken":
Søkeside | Skjer i kirken

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"