Overtaking av nybygg for kyrkjekontor - ei stor glede

Det nye kyrkjekontoret var ferdigbygd og i dag, 11.11.2022, og Hareid sokn tok over eit flunkande nytt bygg for kyrkjekontor. Det er under 1 år sidan bygginga starta, så dette har gått effektivt føre seg. Det er HS Rise bygg AS som har hatt totalentreprise på prosjektet og Hareid kommune har vore ansvarleg for prosjektleiinga.

Frå høgre: Paul Arne Ulstein (prosjektleiar Hareid kommune) og Endre Skeide (prosjektleiar HS Rise Bygg) takkar og gratulerer kvarandre. Mellom dei står Preben Nedrelid (prosjektleiar Hareid kommune), vidare ser vi Stian Moldskred (formann HS Rise Bygg) og Bente Andreassen Pilskog (kyrkjeverje Hareid sokn). Foto: Johanne Krogstadmo/Hareid kommune

Vi ønskjer velkomen til opningsfest og snorklipping laurdag 26. november kl 15.00!
Kom å sjå kor fint det har blitt. Grautsal frå kl 14. Ordførar klipp snora kl 15. Tombola. Gratis kaffi og vafler. Familiesamling kl 16.30. Julemarknad i Kjøpmannsgata kl 11-15. Stemning og folkeliv i sentrum.

Det nye kontorbygget er eit tilbygg til kyrkjelydshuset, så no er alt under same tak. Det er med stoltheit at vi snart skal flytte inn i kontorfløya, som er blitt eit fint og symbolsk passande bygg for eit kyrkjekontor i sentrum.

Det nye kyrkjekontoret har delvis glassfasade utvendig og eit felles takoverbygd inngangsparti saman med kyrkjelydshuset. Inne er det ein foaje, prestekontor/samtalerom, kontorplassar for dei tilsette, møte/lunchrom, kopirom, bøttekott, toalett og garderobe. Frå kontora kan ein også gå ein snarveg inn til Frivilligsentralen sitt aktivitetsrom på kyrkjelydshuset. Kyrkjekontoret er universelt tilpassa og det vil snart kome parkeringsplassar inntil nybygget med fleire handicap-parkeringsplassar.

Utforminga og symbolikken på bygget er det Bucci Arkitektur og Design som har jobba fram, v/Georg Grimstad og Iver Olav Grimstad. Prosjektet er eit døme på god samhandling mellom aktørar, der prosjektleiar Paul Arne Ulstein (Hareid kommune) har leia prosjektet frå start til slutt saman med prosjektleiar Preben Nedrelid (Hareid kommune), Endre Skeide (prosjektleiar HS Rise Bygg) og Stian Moldskred (formann HS Rise Bygg).
Også lokale underleverandørar som har gjort eit godt arbeid, her kan nemnast Hareid Group Elektro, Svein Roppen AS, Egset Ventilasjon, Låsservice og Låssenteret. Profilering, skilting og frosting er levert av Furene AS. 

Hareid sokn har hatt eiga byggenemd som har vore med i prosessen om korleis bygget skulle vere, desse er Leidulv Hareide, Torgeir Ringstad, Aina Giskeødegård Balsnes, Stein Karstensen (sokneråd) og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog. Desse har bidrege på frivillig basis.

Nytilbygget gir eit løft i sentrum, med si fine utforming og plassering. Huset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og med kontor og kyrkjelydshus under same tak og opne dører store deler av døgnet – skaper vi treffpunkt og møteplassar opne for alle, noko som bidreg til å skape eit meir levande sentrum.

 

FAKTA:
·Hareid KFUK/M og Hareid Indremisjon gav huset som vederlagsfri gåve til soknet.
·
Hareid sokn tok over bedehuset til kyrkjelydshus i oktober 2019, etter klarering tilbygg kyrkjekontor som var ei forutsetning for overtakinga.
·Prosjektleiing v/eigedomsavdelinga til Hareid kommune.
·Hareid sokn er eigar av både kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset.

 

Les om oppstart av bygginga

Les meir om kyrkjelydshuset

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"