Allehelgen/helgemesse i Hareid kyrkje

Hareid kyrkjelyd ved Diakoniutvalet byd inn til minnegudsteneste laurdag 5. november kl 16.00 før Alle helgens dag. Gudstenesta er open for alle som ynskjer å minnast sine, også om du vil minnast nokon som ikkje var busett her i kommunen og er gravlagt andre plassar. Søndag er det vanleg gudsteneste kl 11.00 og søndag kveld kl 19.00 arrangerer Hjørungavåg Brass "Stille konsert" som ei fin avsluning på helga.

Hareid kyrkje. Foto: Stig Hole. "Slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang"

MINNEGUDSTENESTE LAURDAG 5. NOVEMBER KL 16.00:
Alle helgens dag er ein spesiell dag der minna om dei som er døde, på ein ekstra sterk måte kjem til oss. Vi vonar at gudstenesta vil kunne vere med på å gi noko å leve vidare på.

Vi har valt denne dagen sidan den kjem i ei helg som har lange tradisjonar og mange og sterke følelsar knytt til seg. Kanskje samlast familien denne helga, kanskje går ein til kyrkjegarden for å besøke ei grav. For nokon er det kort tid sidan dødsfallet, for andre nesten eit år. For mange har denne tida vore heilt annleis enn noko de tidlegare har vore gjennom.

Vi ynskjer å ære minnet til dei som er døde. Dei er ikkje gløymde. På gudstenesta denne laurdagen vil vi lese opp namna på dei som er døde i Hareid sidan siste Allehelgens dag. Det vil også bli song, musikk, skriftlesing, bøn og stillheit.

Vi får kome til gudstenesta med liva våre slik dei er. Vi samlast som eit fellesskap for å forsøkje ta del i kvarandre si sorg og sakn. Men vi vil også samlast om håpet som den kristne trua gir gjennom Jesus Kristus. 

Vi vil tenne lys for kvar av dei som har gått bort. Etter gudstenesta kan den som ynskjer det også tenne lys på bordet framme i koret.Gudstenesta vert avslutta med stille musikk. Diakoniutvalet sine medlemmer vil vere til stades om nokon har behov for samtale.

Gudstenesteleiar er sokneprest Lars Hartig-Tangedal.

Helgemesse 5.-6. november er det tre samlingar i kyrkja:
Laurdag 5/11 kl 16.00: Minnegudsteneste
Søndag føremiddag 6/11 kl 11.00: Allehelgen-gudsteneste
Søndag kveld 6/11 kl 19.00: Avslutning med "Stille konsert" med Hjørungavåg Brass. Arrangør er Hjørungavåg Brass og konserten er gratis.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"