Årleg arrangement på Holesanden til inntekt for misjonsprosjektet i kyrkjelyden

Tradisjonen tru er det snart klart for vårt årlege arrangement på Holesanden, til inntekt for NMS sitt arbeid i Thailand. Søndag 4. juni kl 12.00 blir det gudsteneste v/Lars Hartig-Tangesal, mat, loddsal og sosialt fellesskap. Hareid musikklag vil synge og spele for oss og Lidvar Grimstad spelar piano. Ekstra kjekt om også veret er bra, slik at vi kan vere utandørs mest mogleg.

Å hjelpe andre er viktig. Kyrkjelyden i Hareid er med på ein misjonsavtale med NMS i Thailand, der vi har forplikta oss til å samle inn kr 40.000 pr. år til prosjektet i Thailand. Foto: Hareid sokn

Kyrkjelyden sitt 4-årige misjonsprosjekt perioden 2022-2025 støtter Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid med barn og utdanning i Thailand.

HER BIDREG VI MED:
-Å gi born og unge frå fattige kår ein betre start på livet   
-Økonomisk støtte til opplæring og kursing av kyrkja sine medarbeidarar og medlemer
-Klimasmart jordbruk og landsbyutvikling i avsidesliggjande landsbyar i Nord-Thailand 

I slummen i Bangkok er det mykje fattigdom, splitta familiar, rus og kriminalitet. Her driv kyrkja barnehage, fritidstilbod og mødreheim.

I barnehagen og fritidstilbodet ved Lovsangsheimen får barna omsorg og tryggleik. Dei får leike, lære, ete og kvile. På mødreheimen Nådeheimen får unge gravide jenter i ein vanskeleg livssituasjon hjelp og støtte. Ungdomar med utfordrande bakgrunn, får høve til skule og utdanning gjennom stipend. Lørdagsklubb for barn i nord er ein trygg stad å vere – med undervising om kristen tru, barn sine rettar, eigen kultur og jordbruk.

Kyrkja manglar prestar, derfor er lekmannsopplæring og kursing av frivillige spesielt viktig. Alle blir oppmuntra til å sjå sin eigen verdi og å bruke sine talent. 

Vi er med på å setje fokus på barn sine rettar, førebyggje menneskehandel  og styrke familien.

Kyrkja i Nan-provinsen i nord, lærer klimasmart jordbruk til lokale bønder. Dette fører til gode avlingar fleire gonger i året, auka mattryggleik og inntekter.

NMS sin visjon er EI LEVANDE KYRKJE OVER HEILE JORDA!

TAKK for at du er med og bidreg til det! SAMAN forandrar VI VERDA!

 

Les meir om vår misjonsavtale: https://www.kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/diakoni--misjon/misjonsprosjekt/

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"