Hareid kyrkjelyd er blitt Grøn, og sertifisert som Miljøfyrtårn

Hareid kyrkjelyd er blitt ein grøn kyrkjelyd. Kva er grøn kyrkjelyd? Og kvifor skal vi vere ein grøn kyrkjelyd?

GRØN KYRKJELYD: FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

«Grønn menighet er et konsept som ønsker å bidra til glede, takknemlighet og undring i menighetene over å være del av skaperverket, og forløse engasjement og kreativitet til å ta vare på den verden Gud har gitt oss» (www.grønnkirke.no).

Grøn kyrkjelyd er med andre ord eit reiskap for lokale kyrkjelydar til å vere gode forvaltarar av skaparverket. Grøn kyrkjelyd er ein konkret måte å ta ansvar for skaparverket og vår neste på alvor. Å vere ein grøn kyrkjelyd går inn i kjerna av kva det vil seie å vere ein diakonal, misjonal kyrkjelyd og å leve i etterfølging av Kristus i praksis. Vern om skaparverket og kamp for rettferd er i tillegg viktige fokusområder innanfor diakoniplanen i Den Norske Kyrkje. Hareid kyrkjelyd ønskjer å ta del i dette ansvaret og vil difor vere ein grøn kyrkjelyd.

Soknerådet og staben har kome fram til ulike lavterskeltiltak som kan nyttast i alt frå trusopplæring, gudstenester, i Frivilligsentralen og i administrasjonen sitt arbeid, m.m. Eksempler på dette er fokus på miljø og rettferd i forbønner, sortering av avfall, gjenbruk med eigen bruktbutikk, ENØK-prosjekt ved renovering av nytt varmesystem og golv i kyrkja fekk ENØK-midlar grunna miljøvennlege løysingar, senking temperatur i kyrkje og kyrkjelydshus når bygga ikkje er i bruk, varmepumper kyrkjelydshus (tatt ut gamle røromnar), oppvarming av det nye kyrkjekontoret gjerast med varmegjenvinning frå batteribygga for lading av fergene på Hareid, vi feirar skaparverkets dag,  innsamling til grøne prosjekt som Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, misjonsavtale i Thailand, barn- og unge i trusopplæringa er med på ulike miljøprosjekt i lokalsamfunnet - for å nemne noko.

Det tar ikkje nødvendigvis mykje tid og ressursar å vere ein grøn kyrkjelyd, men det krev bevisstheit – og det kan skape fellesskap på tvers av generasjonar og i alle delar av livet i vår kyrkjelyd. Å vere ein grøn kyrkjelyd er ein prosess, vi må alle starte ein plass, skape bevisstheit rundt korleis våre val påverkar neste generasjon og den verda vi lever i. Kva kan du gjere for å leve meir grønt?

For meir informasjon om grøn kyrkjelyd: www.grønnkirke.no
Vedtak sak: SR 18/22 og SR 25/22

MILJØFYRTÅRN:
Som grøn kyrkjelyd er Hareid sokn no sertifisert som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiering som blir drifta av Stiftinga Miljøfyrtårn. Stiftinga blei oppretta av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning i 2003. Stiftinga jobbar for at flest mogleg små- og mellomstore verksemder i privat og offentleg sektor over heile landet skal bli Miljøfyrtårn-sertifisert.

Å vere sertifisert som Miljøfyrtårn skal bidra til at ein reduserer si miljøbelastning, betrar arbeidsmiljø og oppnår konkurransefortrinn. Sertifiseringa skal vere basert på praktiske tiltak som gir reelle forbetringar.

Stiftinga samarbeider med kommunar og fylkeskommunar, lokalt næringsliv og offentlege verksemder for å bidra til utvikling av berekraftig lokalsamfunn. Å vere Miljøfyrtårn bidreg ein og til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.

 


 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"