Årsmelding Hareid sokn 2022 - Inn i no-tida

Vi ønskjer å vere ei folkekyrkje som er til stade for bebuarane i Hareid kommune, både til kvardag og fest, i sorg og i glede. Sjølv om gudstenestene er viktige, er det å vere kyrkje i no-tida så mykje meir enn gudstenester. Ved å legge til rette våre ulike aktivitetar og kyrkjelege handlingar midt i alt som er, kan vi tilpasse oss der vi ser at det kan vere nødvendig. Slik må vi følgje med i samfunnsutviklinga for å vere ei truverdig kyrkje. Nedanfor finn du link til årsmelding Hareid sokn for 2022. Utprint finn du enten i kyrkja eller på kyrkjekontoret. Årsmøtet er laurdag 11. mars på kyrkjelydshuset i samband med SUPERLAURDAG KL 13.00 Alle er velkomne!

"Peikepinnen" som viser ulike opplevingar i Hareid. Det var gruppa Hafest som fekk reist "Peikepinnen" ved terminalen i sentrum av Hareid. Foto: Hareid sokn


Ei nærverande folkekyrkje 
Å tilpasse og legge til rette er noko vi blei særs utfordra på gjennom koronapandemien som i to år (mars 2020-februar 2022) la strenge nasjonale rammevilkår for heile landet vårt for å unngå smitte. Frå februar 2022 opna landet opp igjen utan nokon restriksjonar, og ei normaldrift kunne ta til igjen. Men erfaringa med omorganisering og tilrettelegging gjennom to år, gav oss både utfordringar og nye innblikk. Sjølv med fysiske avstandskrav, kom vi kanskje tettare innpå kvarande – då vi oppdaga kva vi mista og kor viktig dei ulike møteplassane er for oss alle. Vi treng å sjå kvarande og verte sett, difor la vi til rette for å kunne fortsette å gi tilbod både i fysiske møte og med digitale tilbod. Her måtte både stab og sokneråd vere kreative, offensive og modige for å kunne vere folkekyrkje i krisetid. I ei tid der mange stengte ned, strekte dei tilsette og frivillige seg endå lenger for å legge til rette for at born og unge, vaksne og eldre skulle få det kyrkjelege tilbodet og så langt som mogleg unngå einsemd og isolasjon.    

 
Stor spennvidde i vårt arbeid 
Hareid har eit særs godt tilbod for born og unge frå 0-18 år. Vi tenkjer at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg, der vi har som overskrift «Med rett til å vere sett og verdsett». Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver. Kvart sokn i kyrkja i Norge skal ha ein plan med meir enn 300 undervisningstimar for born mellom 0-18 år. Alle som er døypte, får personleg invitasjon, men òg andre som vil kan sjølvsagt ta del. Dette har vi arbeidd etter sidan 2015. 
 
Kyrkja sitt kulturelle arbeid med born og unge høyrer med i kulturbygda Hareid. Med ulike songtilbod, som babysong, småbarnsong (1-5 år), VI-koret (5-8 år) og Barnekantoriet (frå 3. klasse og oppover), før Hareid KFUK/M sitt TenSing følger neste aldersgruppe med songtilbod. 
 
I tillegg eig og driv Hareid sokn vår lokale frivilligsentral, eit viktig sosialt entreprenørskap i Hareid. Hareid Frivilligsentral er ein av dei eldste i landet med 30 års jubileum i 2022. Dei fleste frivilligsentralane blir elles drivne av organisasjonar eller kommunane rundt om i landet. Frivilligsentralen har utvikla seg opp gjennom åra, og har saman med kyrkja eit godt omdøme og bidreg med mange lågterskeltilbod og aktivitetar som går føre seg både på dag- og kveldstid. 

I vårt engasjement for å vere til stade og ha ulike tilbod for våre innbyggjarar, krev det meir areal som kan brukast parallelt med kyrkja. Det vart difor starta arbeid med å få på plass eit kyrkjelydshus. 
 

Kyrkjelydshus og nytt kyrkjekontor 
Etter fleire år med vurderingar, samtalar og forhandlingar overtok Hareid sokn Hareid bedehuset til kyrkjelydshus den 31.10.2019 (på sjølvast dagen for Reformasjonen i 1517). Slik vart det endeleg kyrkjelydshus på Hareid. Huset var ei vederlagsfri gåve frå dei tidlegare eigarane av bedehuset, Hareid KFUK-KFUM og Hareid Indremisjon, då dei hadde utfordringar med å drifte huset og var positive til at soknet overtok huset som ei gåve. 
 
Ideen og visjonen om å ta over huset kom frå KM-medlem Eldrid Gryt, og blei for første gong presentert på årsmøtet til Hareid KFUK/M 1. mars 2016. Ho gjekk då på nytt inn i styret til Hareid KFUK/M, no med spesielt ansvar for prosessen i bedehus-saka. Vidare arbeid for prosjektet var ei samhandling mellom Hareid sokn, Hareid kommune, Hareid KFUK/M, Hareid Indremisjon og bedehusstyret. Hareid sokn såg det som naudsynt for å ta over huset at det måtte kome eit tilbygg for kyrkjekontor under same tak. 
11. november 2022 sto ny-tilbygg for kyrkjekontor klart, og det var snorklipping ved ordførar Bernt Brandal på opningsfesten den 26. november 2022. Ei sann glede å få alt under eitt tak og eit fint og symbolsk passande kontortilbygg til kyrkjelydshuset. Hareid sokn står no som eigar av heile huset. 

 
Ei framtid med kyrkjelydshus i sentrum 
Kyrkjelydshuset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Soknet er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus er ein møteplass open for alle og bidreg med å skape eit meir levande sentrum. Aktivitetane som allereie var på huset fortset, mellom anna Hareid KFUK/M som driv speidaren og Ten Sing. Også andre musikk- og korøvingar som har hatt tilhald på huset fortset og er ei inntektskjelde for huset. 
Ein kan leige huset til ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær etter gravferd, møter, med meir. Storkjøkkenet er nyrenovert og har fått kjølerom, nokre rom er også pussa opp, nytt teknisk lydanlegg i storsalen, naudlys og brannalarmsentral, samt at vinduer og dører er skifta ut slik at heile huset er brannsikra. Soknet si overtaking av bygget sikrar både oppgradering og vedlikehald av bygget som er ein sentral del av sentrum og miljøgata. Med Hareid sokn som driftsorganisasjon sikrar ein aktivitet i huset gjennom heile året, og ikkje eit hus som står mørkt og tomt. 
Aktivitetane til Hareid Frivilligsentral har lenge hatt behov for meir areal. Dei har fått eiga stort aktivitetsrom/storstove på kyrkjelydshuset, og det er utvilsamt ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig- butikken som ligg rett over gata og som er driven av soknet gjennom frivilligsentralen. 

Grøntarealet rett utanfor peisestova blei oppgradert av kommunen i høve miljøgata, og er blitt ein fantastisk fin grøn lunge i sentrum. Med plantar, belysning og gapahuk med bålpanne er dette eit uteareal der vi har ulike aktivitetar både sommar og vinter. Utearealet er universelt utforma i regi Hareid kommune si miljøgate, og grunnarealet er eigd av Hareid sokn. 
 
Å bygge stein for stein 
Ein stor del av soknet sitt omfattande arbeid har base i kyrkjelydshuset, men i kombinasjon med bruk av kyrkja. Med kyrkjelydshuset kan vi samle fleire av tiltaka under same tak og vi har allereie utvida og invitert til nye tiltak: Fredagkveldstilbod for ungdom ein gong per månad (Tweensklubb 6.-7. klasse), tombola-kafe i bakhagen, Superlaudagar (tilbod for barnefamiliar), Onsdagsmiddagar for bygda, Vaffel-måndagar, Karakveld (møteplass for menn)


Det er ei sann glede med både kyrkje
og tilrettelagt kyrkjelydshus i sentrum av Hareid.
Velkomen skal du vere!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"