Påskehelsing frå kyrkjene i Giske

Det er onsdag og vi er midt i «den stille veka» i påskehøgtida. I år er det eg som kyrkjeverje/dagleg leiar i kyrkjene i Giske som får kome med ei helsing til dykk.

Påskehelsing frå kyrkjene i Giske

I påska har gudstenestene våre ulike preg og innhald. Vi starta fortellinga på Palmesøndag i Vigra og Skjærtorsdag på Alnes har vi nattverden i sentrum. I Valderøy kyrkje på Langfredag møter du ei nedstrippa kyrkje der Jesu liding og død gir oss fokus på det enorme offeret Jesus gjorde for å gi oss Håpet.

1. påskedag vil Valderøy kyrkje og Godøy kapell vere pynta med blomar og lys med kjensla av glede og siger. I Valderøy blir det også KorTøft med, samt barneklubb under gudstenesta. Eg anbefalar varmt å få med kontrasten mellom dagane - det er rett magisk. Få gjerne med deg alt, men få med deg når Giske kyrkje innbyr til Påskefest 2. påskedag med heile påskehistoria med varme og livgivande kraft.

Påska er ei gåve og påskeevangeliet er so kraftfullt at det ikkje finnes maken i heile menneske si historie! Den endra verdenshistoria på sju dagar.

Jesus , kampen og verdens største siger
I tre timar midt på lysaste dagen la eit ruvande mørke seg over heile landet den dagen Jesus hang på korset. På tredje timen ropte Jesus «Det er fullført!» og det siste pust seig ut av han. Soldatane stakk eit spyd i sida på han for å sjekke at han var død. Jesus var død. Mørket, sorga og tomheita var til å ta og føle på. Jesus som skulle vere den nye kongen og fri jødane frå romerane var no borte.

Mørket letta og dagslyset kom tilbake medan Jesus blei teke ned frå korset. Ein piska, dehydrert og utslitt kropp blei møtt med varme og kjærleik frå sine. Ein rik mann hadde gitt grava si til Jesus og Jesu kropp blei lagt i ei kjølig hole med ein svær stein trilla foran. Den jødiske påska var i startgropa og stellet av kroppen måtte kvinnene utsette til søndag når dei hadde lov. Tårene trilla og håpet var gravlagt.

Det var ein som feira. Med Jesus, sjølvaste Guds son, rydda av vegen for godt, stod djevelen fritt til å eige menneska. Han naut mørket og kjende på makta. Menneska hadde valgt synda i Edens hage og no hadde dei drept Gud sin eigen son. Den onde hadde sigra. Trudde han.

Som ein eksplosjon av kjærleik sat engelen i grava og fortalde kvinnene at «Jesus har stått opp!». I jubel og lovsong sprang dei til sine for å fortelje det det dei hadde sett og opplevd. For 1. påskedag blei denne delen av Guds plan fullført. Gud viste at han er sterkare enn dødens makter og Jesus reiste til dødsriket og opp til Himmelen.

Det tomme korset blei ei bru og fylte avstanden mellom Gud og menneska. Dette var Gud sin frelseplan for oss for størst av alt var kjærleiken.

Påska 2024
Dagslyset aukar på og vi nyt å sjå blomane sprenge seg fram og fuglane kvitre i brilliant lag. Ein ny vår er komen, men den mest magiske våren, som Bibelen fortel oss om, må vi vente på i spenning og håp. I mellomtida kan du nyte påska og eg ynskjer deg og dine ei velsigna påskehøgtid!

Med vårlege helsingar

Katrine Ruth Overå
Kyrkjeverje/dagleg leiar i kyrkjene i Giske

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"