Gudstenester i Fusa sokn

I Fusa sokn ynskjer me å æra Gud ved å samlast til bøn, nattverd og samvere i hans hus, minst ein gong i veka.

Gudstenester i Fusa sokn

Gudstenesta er hjarteslaget for kyrkjelyden, ein stad der me kan samlast for å oppbyggja einannan og høyra kva Gud har å seia til oss. I Fusa har me mange ulike gudstenestestader (du kan lesa meir om desse på sida Kyrkjene våre), og mange ulike gudstenesteformer. I tillegg til vanlege høgmesser rundtom i kyrkjene, har me familie- og ungdomsgudstenester på Eikelandsosen bedehus, høgtids- og andre markeringsgudstenester, og når vêret er varmt nok set me gjerne opp friluftsgudstenester både på fjellet og på flat mark.

Kvar kyrkjekrins har ei eller to gudstenester kvar månad. Dei fleste gudstenestene varar mellom tre kvarter og fem kvarter, som avhengjer av forma og kva som står på programmet.

Under Dokument, lenger nede på sida, kan du finna ei liste over gudstenestene som kjem dette halvåret (med atterhald om moglege endringar); her kan du òg sjå kva for gudstenester som er opne for dåp, om du skulle ynskja det! Denne informasjonen er òg tilgjengeleg i kalenderen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"