Enda meir nøgde konfirmantar

Ny, stor europeisk undersøking viser at norske konfirmantar er blitt enda meir nøgde med innhaldet i konfirmasjonstida. - Den beste reklamen vi kan få.

Enda meir nøgde konfirmantar

Norske konfirmantar er meir nøgd i 2012 enn i 2007 med alt som har med konfirmasjonen å gjere. Dei seier at opplegget, leiarane og konfirmantleiarane er blitt betre, og at gudstenesta er meir positiv. Det var avisa Vårt Land som først meldte om dette.

Dei særs positive funna i undersøkinga kan ha mykje å sei for rekrutteringa til konfirmasjon i Den norske kyrkja.

- Eit godt rykte frå dei som har delteke på konfirmantopplegget er den beste reklamen vi kan få. Eg kjenner til fleire kyrkjelydar der ungdommen allereie eit par år før dei er konfirmantar snakkar om at dei gler seg til å dra på leir, fortel Kristine Aksøy, seksjonsleiar for barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet, til kyrkja.no.

"Har opplevd godt fellesskap"

Det er i undersøkinga "Ungdom, religion og konfirmasjonsarbeid i Europa" at desse positive resultata kjem fram, 28 000 lutherske konfirmantar i lutherske kyrkjer er blitt intervjua i Danmark, Finland, Sverige, Sveits, Tyskland, Ungarn, Polen og Østerrike. I Norge har KIFO - institutt for kirke-, relgions- og livssynsforskning og KUN (Kirkelig utdanningssenter i Nord) gjennomført den norske delen. Over 2000 konfirmantar i alle bispedøma i Den norske kyrkja er med i undersøkinga.

Dei tre utsagna som scorar høgst på spørsmål om utbytte av konfirmasjonstida er: "Har opplevd godt fellesskap med andre konfirmantar" (82%), "Har lært meir om Gud og tru" (73%), og "Har gjort meg opp ein meining om kva eg trur på" (62%),

- Kvifor trur du at konfirmantane er blitt meir nøgde dei siste åra?

- Plan for trusopplæring sitt syn på den unge som deltakar og aktiv medvirkande i konfirmasjonstida kan ha bidrege til at metodane for konfirmantarbeidet og trusopplæringa for øvrig har utvikla seg. Planen sin heilskapelege læringssyn oppfordrar også til at konfirmasjonstida både skal gi kunnskap om kyrkja si tru og tradisjon, erfaring med kristen tru i praksis og bidra til livstolking og livsmeistring for den einskilde. Viss konfirmantane i kyrkja møter levande trusfellesskap og finn rom for sine livsspørsmål, er det ein god ting for både kyrkja og for konfirmantane, seier Aksøy.

Suksess med konfirmantleir

I undersøkinga kjem det fram at konfirmantleirane er ein viktig suksessfaktor.

- På leir er ein saman over fleire dagar og blir godt kjende. Sosialt samvær, måltider, aktivitetar, undervisning, samtalar og kristent samhald gjev rom for å ta opp viktige tema på ein god måte. Konfirmantleiren blir for mange ei oppleving for livet og ein motivasjon for å vere med vidare i kyrkjelyden sitt ungdomsmiljø. Det hadde vore morosamt å undersøke om talet på kyrkjelydar som har leir eller weekend-tilbod som del av konfirmantopplegget har auka.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"