Preike om håp
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å preike om Korona, for det har mange nok gjort før meg, altfor mange, hadde eg så nær sagt. Men eg må nemne dette temaet likevel, for tekstane vi har lest er nærmast lissepasningar til å fortolke inn i nettopp denne situasjonen med pandemi over heile verda.
Mange, mange menneske opplever, som Jesaja formulerer det, at Gud har skjult andletet sitt for dei, eller som Jesus seier, at vi ikkje skal sjå han. Mange, mange menneske er sjuke av koronavirus, mange er redde for å bli det, og mange har mista nokon dei var glade i. Som vi veit, har dette skjedd før. Spanskesjuka, for hundre år sidan, til dømes, eller Svartedauden, for om lag 670 år sidan. Og mange andre epidemiar eller store kriser, som Ebola, HIV, tuberkulose, jordskjelv, tørke og flom. Hungersnød. Krig.
Når vi først er i gong, er det nesten umogleg å stoppe denne lista av elende som gjer at menneske gong på gong, heilt sidan Noa, har opplevd at Gud har vendt seg bort, skjult andletet sitt, og mennesket står igjen, utan håp.
Som ungane i Moria-leiren.
---
Der ER håp i tekstane i dag.
Men då må vi lese heile teksten, eller heile tekstane. «Min godhet skal aldri vike fra deg», seier Gud gjennom Jesaja. Og Jesus seier at ingen skal ta gleda frå oss. Også i vår verd i dag er der håp. Der er håp om slutt på pandemien, der er til og med håp for klima- og miljøkrisa.
Og der er håp for ungane i Moria-leiren. Det må eg tru.
Jesus seier at han skal forsvinne, og dette seier han mot slutten på ein lang tale han held for læresveinane sine på skjærtorsdag. Denne talen heldt han etter fotvaskinga og før dei går til Getsemane. Han seier at han skal forsvinne, men læresveinane forstår ikkje. Eg er ikkje sikker på om eg forstår det, eg heller. Det kan bety at han skulle døy neste dag, bli gravlagd, og så stå opp igjen på påskedag. Så enkelt som det. Eller at Jesus snart, altså på Kristi Himmelfartsdag, skulle forsvinne frå læresveinane sitt blikk, men kome att ein gong. Dette viste seg å ta lenger tid enn læresveinane trudde, og no, to tusen år seinare, ventar vi stadig på at Jesus skal kome attende. Men løftet frå Jesus er at vi skal sjå han igjen. Då skal vi glede oss, og ingen skal ta gleda frå oss, uansett kor engstelege vi var før.
”Winter is coming” var ein gjennomgongsreplikk i Game of Thrones. Det var ein metafor for den store katastrofa. Eg måtte tenke på fimbulvinter og ragnarok frå den norrøne mytologien. Men vi som trur på Jesus, vi trur på eit håp, ein dommedag, der rettferd og fred skal gjenopprettast. Vi trur på eit himmelrike, der vi skal møte våre kjære igjen, og vi skal stå framfor Vår Herre og erkjenne fullt ut, som apostelen Paulus skriv i 1. Korinterbrev.
Vi trur rett og slett på våren og sommaren, som kjem etter vinteren, slik vi snart skal synge i ein av mine favorittsalmar, ”Så grønn en drakt”. Der er det jubel over våren og sommaren som står i full blomst, men salmen inneheld også ei påminning om at dette livet vårt har ein ende. Men det gjer ingenting, kan ein nesten seie, for vi skal stå opp att, slik Jesus Kristus stod opp på påskedag, og vi skal stå opp til ein sommar utan make! Det er verkeleg noko å gle seg til.
I mellomtida har vi stadig ein kamp å kjempe. Vi skal kjempe mot korona og miljøforurensing, vi skal kjempe mot krig og undertrykking, vi skal kjempe mot ytre tyranni og mot vår eigen vondskap. Vi skal kjempe for demokrati og rettferd, menneskerettar og nestekjærleik.
Vi skal kjempe for ungane i Moria-leiren.
Det er eit stykke igjen til målet, men ein dag, ein dag, skal vi vinne. For Jesus Kristus har allereie vunne.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vere skal ein sann Gud, frå æve og til æve.
________________________________________________________________________________
Første lesning: Jes 54,7-10
Evangelielesning: Joh 16,16-22
Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg.» Da sa noen av disiplene hans til hverandre: «Hva mener han med å si: ‘Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg’ og: ‘Jeg går til Far’? Hva mener han med ‘om en liten stund’? Vi skjønner ikke hva han snakker om.» Jesus visste at de ville spørre ham, og han sa: «Snakker dere om det jeg sa: ‘Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg’? Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Dere skal gråte og klage, men verden skal glede seg. Dere skal sørge, men sorgen skal bli forvandlet til glede. Når en kvinne skal føde, er hun engstelig, for hennes time er kommet. Men når barnet er født, har hun glemt smertene i sin glede over at et menneske er kommet til verden. Også dere er engstelige nå. Men jeg skal se dere igjen, og hjertet deres skal glede seg, og ingen skal ta gleden fra dere.