Vil du bli vår nye kantor i Os sokn?

Når vår noverande kantor startar sitt pensjonistliv, søkjer vi etter kantor i 100 % stilling f.o.m. august 2023.

Vil du bli vår nye kantor i Os sokn?

Os sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Os sokn (15 000 medlemmer) er geografisk likt tidlegare Os kommune (22 000 innbyggjarar) og har arbeid i 2 kyrkjer; Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, samt Tunet kyrkje- og kultursenter.

Arbeidsfellesskapet i soknet består av sokneprest, kapellan, prostiprest, organist i 60%-stilling, konsulentar, dagleg leiar, medarbeidarkoordinator, diakon, kateket, kyrkjelydsarbeidar, ungdomsarbeidar, driftsleiar og kyrkjetenarar/gravplassarbeidarar. Os kyrkjekontor har gode kontortilhøve i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.

 

Soknet har to kyrkjer: Os kyrkje frå 1870 og Nore Neset kyrkje frå 2000. Hovudkyrkja er Os kyrkje, som har eit elektro-pneumatisk orgel av J.H. Jørgensen frå 1957 med 2 manual og pedal, 20 stemmer (derav 1 unitstemme fordelt over 4 register pluss 3 transmisjoner, totalt 26 register) samt 3 vanlege koppler og 1 supermanualkoppel. Orgelet har «passert middagshøgda» og soknerådet har byrja emna på kva ein vil gjere med det. Den nye kantoren vil vere ein viktig ressursperson i arbeidet med orgelsaka. Nærkyrkja på Nore Neset fekk i 2002 eit mekanisk orgel av Ryde & Berg med 13 stemmer fordelt over 2 manual og pedal. Begge kyrkjene har i tillegg gode piano. Tunet kyrkje- og kultursenter disponerer både flygel, piano og el-piano.


Kantor vil bli tilsett i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd med dagleg leiar i Os kyrkjelyd som næraste overordna, med eit tett samarbeid med prestetenesta. Leiinga har fokus på arbeidsglede i eit aktivt miljø med balanse mellom jobb og fritid.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Musikalsk tilrettelegging, planlegging og speling ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i soknet sine to kyrkjer samt på institusjonar i lag med prestane og annan organist.
  • Vere ein fagressurs i staben og for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid.
  • Planlegge og gjennomføre konsertar og arrangement
  • Vera pådrivar for og delta i evt. korarbeid i kyrkjelyden

 

Kvalifikasjonar:

  • Formelle kvalifikasjonskrav i høve tenesteordning for kantorar.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg 

 

Særskilde krav:

  • Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til prøvespeling.
  • Tilsetting av kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev jfr. Tenesteordning § 5
  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram  

 

Personlege eigenskapar

  • Interesse for gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging
  • Allsidig og trygg, kjent med et breitt spekter av ulike musikalske uttrykk og former
  • Vil vere med å bidra til at kyrkjelyden vert opplevd som open og inkluderande.
  • Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt saman med dei andre vurderingskriteriane

 

Vi tilbyr

  • Eit spennande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ulykke- og gruppelivsforsikring
  •  Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor

 

Vi ønsker medarbeidar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til fellesskapet. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

 

Søknadsfrist: 31.03.2023

SØK HER

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"