Her kjem nyttig informasjon til deg som vil vera konfirmant i Knarvik sokn!
Så kjekt at du vil vera konfirmant i kyrkja året 2026-2027!
Påmeldinga i Knarvik sokn opnar 1.mai 2026 klokka 10.00 etter førstemann til mølla-prinsippet.
I påmeldinga vel de kva for kyrkje du blir presentert som konfirmant i, som er same kyrkja du skal vere under konfirmasjonsgudstenesta di. Du vel òg kva temagruppe du ønsker å vera i gjennom året.
Påmeldingsfrist: 25. august 2026
(Det går an å melde seg på etter fristen òg, men best før.)
Konfirmantavgift: 1500 kr.
Dette inkluderer heile konfirmantåret, dvs Konfirmantbibel, Kristuskrans-armband, mat på temagruppene, dagsleiren, konfirmantfestivalen, seminara, materiell og andre naudsynte utgifter.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt ved behov, så finn me ei løysing.
Infomøte
Det vert informasjonsmøte for føresette og konfirmantar onsdag 19. august kl. 19.00 i Knarvik kyrkje.
Der vil de få vita meir om året som ligg framfor konfirmantane, innhald, organisering, fellesreglar, og praktiske forhold. Det blir òg moglegheit til å stille spørsmål.
Presentasjonsgudstenester:
- 30.august kl. 11.00
Seim kyrkje
Konfirmantar på Seim og Lygra - 13. september kl. 11.00
Knarvik kyrkje
Konfirmantar i Knarvik - 27. september kl. 11.00
Alversund kyrkje
Konfirmantar i Alversund
Kan du ikkje den dagen det er i di kyrkje kan du koma ein av dei andre dagane - men hugs å gje beskjed til kateket Nina Jenny, slik at me veit kvar du skal presenterast.
Her er oversikt over det konfirmantane skal vere med på i løpet av konfirmantåret:
- Undervisning i grupper, sjå meir om det nedanfor
- 9 gudstenester, medrekna presentasjonsgudsteneste, gudsteneste på leir, gudsteneste på Konfirmantfestivalen og konfirmasjonsgudstenesta (dersom du ikkje kjem på ei eller fleire av desse, må du ta det igjen med å gå på ei ordinær gudsteneste.)
Skulegudstenesta før jul tel òg, dersom du går på den.
Hugs å fylla ut lapp under gudstenesta. Er du på gudsteneste i ei anna kyrkje i Den norske kyrkja må føresette senda sms/mail med informasjon om det til Nina Jenny.
Det er berre gudstenester i Den norske kyrkja som tel. Gravferder eller bryllaup vert heller ikkje rekna som gudsteneste. - Sorgseminar måndag 2. november 2026.
- Konfirmantleir januar 2027. (det vert to dagsleirar; ein laurdag og ein søndag.)
- Deleseminar og Fasteaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp.
- Konfirmantfestival 3. april 2027 - felles for alle konfirmantane i Nordhordland
Som konfirmant i Knarvik sokn forpliktar du deg til å delta på opplegget og stilla opp på det som skjer, og at føresette melder frå om konfirmanten til dømes er sjuk.
Kristuskransen
I presentasjonsgudstenesta får konfirmanten utdelt ein Kristuskrans. Det er eit perlearmband der perlene har ulikt innhald som er relevant for trua, og for livet. Me brukar Kristuskransen gjennom året, og vil på den måten vera innom viktige sider ved kristendomen, trua på Gud, livet og relasjonar.
Du kan lesa meir om Kristuskransen her.

GRUPPESAMLINGANE
Gruppesamlingane er hovudsakleg delt i to. Først er det undervisning i kyrkjerommet som er lik for alle, uansett kva temagruppe du er del av. Deretter er det aktivitetar. Aktivitetane varierer ut frå kva temagruppe du vel. Friluftsgruppene er ute. Q&A og Song- og musikk er inne, i kyrkjekjellaren. Kvar gruppesamlingane varer i cirka to timar.
Datoar for kvar av gruppene får de i eige dokument etter påmelding.
Litt meir om korleis ei gruppesamling er:
Oppmøtestad: Knarvik kyrkje.
Mat: Sidan mange kjem rett frå skulen får alle som vil eit enkelt brødmåltid.
Undervisning i kyrkjerommet med nytt tema / ny perle kvar gong.
Aktivitetar: Temagruppa du valte i påmeldinga styrer aktiviteten.
Avslutning: Me stiller oss rundt lysgloben, tenner lys for kvarandre, og ber velsigninga saman.
I gruppesamlingane går me inn i kva Bibelen fortel om Jesus, Guds rike og oss menneske. Me stiller viktige spørsmål om trua, livet, og kvifor den kristne trua er relevant i dag, og prøver å svare på dei. Me likar at du også stiller spørsmål! Saman skal me undre oss og utforske trua.
Konfirmantåret vil me skal vere ei kjekk tid! Me skal lære saman, og også gjere noko saman. Du vel temagruppe ut frå kva du likar å halde på med.
Info om dei ulike temagruppene:
Det er plass til maks 20 konfirmantar på kvar gruppe.
Friluft ØRN eller Friluft LØVE:
Av erfaring ser me at det er behov for to Friluftsgrupper, så det har me lagt opp til i år òg. I påmeldinga kan du velja enten "Friluftsliv ØRN" eller "Friluftsliv LØVE".
Aktivitetane i dei to friluftsgruppene er dei same. I aktivitetsdelen går me alltid ut, også når det regnar. Me skal ikkje klatra Mount Everest, eller overnatte ute, men nytte nærområdet rundt kyrkja ein times tid. I tillegg til å gå tur, lærer me fakta om naturen, førstehjelp og knutar. Me leikar gjerne, og pratar undervegs.
Du treng ikkje noko fancy utstyr eller erfaring frå friluftsliv for å vera på denne gruppa. Men hugs å kle deg etter været!
På friluftsgruppa får du vere ute, bevega deg, kanskje læra noko nytt innan friluftsliv, og samstundes læra om Gud, deg sjølv og andre. 
Song- og musikk:
Song og musikk er gøy – og i denne gruppa er det rom for både deg som likar å synge, og deg som trivst best med instrument.
Denne temagruppa held oftast til i kyrkjekjellaren. For å få god tid til øving og tett oppfølging frå musikalsk leiar, er gruppa delt i to. Medan nokre har undervisning i kyrkjerommet, øver dei andre for seg sjølve. Etter ei stund bytar de, slik at alle får vere med på begge delar.
I song- og musikkgruppa arbeider vi med både song og samspel. Målet er å øve inn nokre songar – gjerne med fleirstemt song og fleire instrument – ha det kjekt saman og framføre på minst éi gudsteneste.
I kyrkja har vi fleire instrument tilgjengeleg, mellom anna: ukulele, piano, elpiano, slagverk, bass, elgitar og gitar. Spelar du eit instrument du ønskjer å ta med sjølv, er du velkomen til det. Instrumentet treng ikkje vere eit tradisjonelt bandinstrument – det kan like gjerne vere til dømes trompet, saksofon eller munnspel.
Vi har dessverre ikkje høve til å lære bort nye instrument i sjølve song- og musikkgruppa, så du må kunne spele instrumentet ditt frå før. Dersom du ønskjer å lære deg eit nytt instrument på eiga hand utanom gruppesamlingane, kan det vere mogleg å ta det i bruk på seinare samlingar.
Lydstudioet i kyrkjekjellaren vil vi også bruke. Her finst det mellom anna profesjonelt innspelingsutstyr for både song, musikk og tale – noko mange synest er både spanande og kjekt.
I påmeldinga melder du frå om du syng, og/eller kva instrument du spelar.
Q&A (spørsmål og svar):
I aktivitetsdelen er me inne, oftast i kyrkjekjellaren. I tillegg til å ha fokus på spørsmål og svar, gjer me aktivitetar saman.
Me får besøk, eller grillar, eller tar fram den supergamle Bibelen frå 1500-talet og høyrer historien om den. Innimellom spelar me bordtennis, lufthockey og brettspel, eller har gøye småprosjekt.
Kvar gong kan de stille små eller store spørsmål om trua og livet, ting som skjer i verda, eller andre ting de lurer på. Me legg også til rette for anonyme spørsmål. Om du/de ikkje har spørsmål har me nokre. Refleksjonane er fletta inn mellom aktivitetane.
DAGSLEIR PÅ DYRKOLBOTN FJELLSTOVE
Konfirmantleir blir i form av dagsleir på Dyrkolbotn Fjellstove.
Halvparten av konfirmantkullet drar på dagsleir laurdag 23.januar 2027.
Andre halvparten drar på dagsleir søndag 24.januar 2027.
Føresette sørger for transport til og frå, me anbefalar samkøyring.
Konfirmasjonsgudstenester:
- Knarvik: søndag 2.mai 2027
- Seim og Lygra: søndag 9.mai 2027
- Alversund: laurdag 29.mai 2027
- Alversund: søndag 30.mai 2027
Grunna brannvern er det avgrensa plassar på konfirmasjonsgudstenestene i særleg Seim og Alversund.
Dersom du har ønske om mange gjestar i kyrkja, og høyrer til ei av desse kyrkjene, kan det vera lurt å vurdera å ha konfirmasjonen i Knarvik kyrkje.
De kan ønskja dag og tidspunkt i påmeldinga. Det er første mann til mølla.

Føresette si rolle
Det er kjekt når føresette òg engasjerer seg i konfirmantåret. Du som foresatt er hjarteleg velkomen til å vera med konfirmanten din på gudstenester gjennom året - me oppmodar deg sterkt til det.
I tillegg treng me at føresette stiller opp med enkeltoppgåver gjennom året. Dette melder de dykk til i påmeldinga - takk for du bidreg!
Ta kontakt om du lurar på noko!
Hjarteleg velkomen som konfirmant i kyrkja - me gler oss til å verta kjend med deg!
