Info om konfirmantåret 2025-2026

Velkomen som konfirmant i Knarvik sokn - kyrkjene i Alversund, Knarvik, Seim og Lygra!

Konfirmantar på Friluftsgruppa har undervisning ved Knarvik kyrkje ein fin haustkveld.

Her kjem nyttig informasjon til deg som vil vera konfirmant i Knarvik sokn!

Påmeldinga skjer via portalen på nettsida vår, og opnar 1.mai 2025.
Du finn den t.d. ved å trykka her.  

Påmeldingsfrist: 22. august 2025

Konfirmantavgift: 1500 kroner.
Dette inkluderer enkel mat på alle gruppesamlingar, leir, konfirmantfestival og andre naudsynte utgifter.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt ved behov, så finn me ei løysing.

Informasjonsmøte:
Det vert informasjonsmøte for føresette og konfirmantar onsdag 20. august kl. 19.00 i Knarvik kyrkje.
Der vil de få vita meir om året som ligg framfor konfirmantane, meir om innhald, praktiske ting, og kan få stilla alle dei spørsmåla de ønskjer. 

 

Presentasjonsgudstenester:

Ungdomane vert presenterte som konfirmantar i si lokale kyrkje ein sundag i haust. Dei skal ikkje seia noko, men koma fram i kyrkja saman, få Konfirmantbibelen og Kristuskransen. Det er ein fin dag for konfirmanten, familien og kyrkjelyden.
Datoane ser du her:  

  • 31.august kl. 11.00
    Alversund kyrkje 
    Konfirmantar i Alversund kyrkje

  • 14.september kl. 11.00
    Seim kyrkje 
    Konfirmantar på Seim og Lygra

  • 21.september kl. 11.00
    Knarvik kyrkje 
    Konfirmantar i Knarvik kyrkje

Kan du ikkje den dagen det er i di kyrkje kan du koma ein av dei andre dagane - men hugs å gje beskjed til Nina Jenny, kateket, slik at me veit kvar du skal presenterast. 


Her er oversikt over det konfirmantane skal vere med på i løpet av konfirmantåret:

  • Undervisning i grupper, sjå meir om det nedanfor
  • 9 gudstenester, medrekna presentasjonsgudsteneste, gudsteneste på leir, gudsteneste på Konfirmantfestivalen og konfirmasjonsgudstenesta (dersom du ikkje kjem på ei eller fleire av desse, må du ta det igjen med å gå på ei ordinær gudsteneste.)
    Skulegudstenesta før jul tel òg, dersom du går på den. 
    Hugs å fylla ut lapp under gudstenesta. Er du på gudsteneste i ei anna kyrkje i Den norske kyrkja må føresette senda sms/mail med informasjon om det til Nina Jenny. 
    Det er berre gudstenester i Den norske kyrkja som tel. Gravferder eller bryllaup vert heller ikkje rekna som gudsteneste. 
  • Diakonale arrangement. Meir informasjon kjem. 
  • Sorgseminar måndag 3.november 2025.
  • Konfirmantleir 23.-25.januar 2026. (gruppa vert delt i to, kvar konfirmant får èi natt på leir)
  • Konfirmantfestival 14.mars 2026 - felles for alle konfirmantane i Nordhordland

Som konfirmant i Knarvik sokn forpliktar du deg til å delta på opplegget og stilla opp på det som skjer, og at føresette melder frå om konfirmanten til dømes er sjuk. 

 

Kristuskransen

I presentasjonsgudstenesta får konfirmanten utdelt ein Kristuskrans. Det er eit perlearmband der perlene har ulikt innhald som er relevant for trua, og for livet. Me brukar Kristuskransen gjennom året, og vil på den måten vera innom viktige sider ved kristendomen, trua på Gud, livet og relasjonar. 
Du kan lesa meir om Kristuskransen her.


 

Grupper 
Gjennom året er konfirmantane med i ei undervisningsgruppe. Denne får dei ønska seg ved påmelding. Det er i den gruppa mykje av undervisninga skjer. Konfirmantane kan velja mellom Friluftsgruppe, Q&A-gruppe, og Hobby-/kreativgruppe.

Tanken er at dei får vera på ei gruppe ut frå interesser eller ønsket om å prøva noko nytt. Dei får med seg all undervisning dei skal ha - men forma er litt annleis. Erfaringane våre viser at dette er eit fint opplegg der konfirmantane får utfordra seg, får meistra nye ting, får fine samtalar på ulike arenaer og får mulighet til å vera seg sjølv og bidra med noko dei syns er kjekt. 

Oppmøtestad for gruppene er i Knarvik kyrkje.Først er det ein liten matbit på Kyrkjetorget, før me går inn til undervisning i kyrkjerommet. Etterpå er det aktivitetar, då er Q&A og Hobby-/kreativ i Kyrkjekjellaren, og Friluftsgruppa er ute. Datoar for kvar av gruppene får de i eige dokument etter påmelding. 

Det er plass til maks 20 konfirmantar på kvar gruppe. Av erfaring ser me at det då er behov for to Friluftsgrupper. Det har me lagt opp til i år òg, så i påmeldinga kan du velja enten "Friluftsliv ØRN" eller "Friluftsliv LØVE". 

Her kjem litt info om dei ulike gruppene:

Q&A-konfirmant:
For deg som er glad i å prata med andre. For deg som har store eller små spørsmål om kristen tru, om livet, om døden, og om alt mulig anna! Her er det rom for at me kan snakka om alt mellom himmel og jord, og saman lærer me noko nytt om kvarandre, oss sjølv og Gud. Me er stort sett i kyrkjekjellaren, og lagar gjerne noko godt å eta saman, me pratar gjennom spel, aktivitetar, og heilt vanlege samtalar i ein sofa eller rundt eit bord. Kom med alle dine tankar og spørsmål - kom som du er. 


Friluftskonfirmant:
På denne gruppa er me mykje ute. Me skal ikkje klatra Mount Everest, men me nyttar stort sett nærområdet vårt. Me lagar bål, går på turar, pratar, og kosar oss med aktivitetar. Du treng ikkje noko fancy utstyr eller erfaring frå friluftsliv for å vera på denne gruppa. 
Me er som oftast ute på gruppesamlingane, hugs å kle deg etter vêret. Me nytter oss av naturen på ein enkel og god måte, samstundes som du får fullverdig konfirmasjonsundervisning. Ein kjekk måte å få bruka kroppen, kanskje læra noko nytt innan friluftsliv, og samstundes læra om Gud, deg sjølv og andre. 

 

Hobby- og kreativkonfirmant: 
På denne gruppa får du jobba med noko praktisk innanf
or hobby-/kreativfeltet. Du får fordjupa deg i noko kreativt, innan søm, papir og måling. Dyktige vaksne vil vera på gruppa og rettleia, slik at du både får læra, utfalda deg og skapa noko. Du får halda på med eit prosjekt over fleire gruppesamlingar. 

 

Konfirmasjonsgudstenester:

  • Knarvik: søndag 3.mai 2026
  • Seim og Lygra: søndag 10.mai 2026
  • Alversund: laurdag 30.mai 2026
  • Alversund: søndag 31.mai 2026

Grunna brannvern er det avgrensa plassar på konfirmasjonsgudstenestene i Seim og Alversund.  
Dersom du har ønske om mange gjestar i kyrkja, og høyrer til ei av desse kyrkjene, kan det vera lurt å vurdera å ha konfirmasjonen i Knarvik kyrkje.
De kan ønskja dag og tidspunkt i påmeldinga. Det er første mann til mølla. 

Føresette si rolle
Det er kjekt når føresette òg engasjerer seg i konfirmantåret. Du som foresatt er hjarteleg velkomen til å vera med konfirmanten din på gudstenester gjennom året - me oppmodar deg sterkt til det. 
I tillegg treng me at føresette stiller opp med enkeltoppgåver gjennom året. Dette melder de dykk til i påmeldinga - takk for du bidreg!

Ta kontakt om du lurar på noko!

Hjarteleg velkomen som konfirmant i kyrkja - me gler oss til å verta kjend med deg!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"