Diakoni og omsorg

Diakoni er eit tilbod for alle

Maria Aasheim Grosås er tilsett som ungdomsdiakon med halv stilling i Ytre Arna sokn og halv i Arna sokn frå november 2022. Du kan lesa meir om henne og arbeidet hennar her.
 
Kyrkja er open kvar onsdag mellom kl.11.30-13.00.
 
Ein onsdag i månaden innbyr soknerådet og Noa open barnehage til middag og fellesskap for alle generasjonar!
 
Mellom kl 14 og 17 vert det servert god heimelaga middagsmat med noko søtt attåt. Og det kanskje 
aller viktigaste for mange – den gode praten – får du på toppen! 

Barna kan leike og ha det kjekt både inne og ute, og trusopplærar Margreta avsluttar ettermiddagen med høgtlesing og kakao i kosekroken.

Det er ingen påmelding, her er det berre å kome når svolten melder seg! Maten er gratis, men dei som vil får lov å gje ei gåve (Vipps 12191, mat Noa/soknerådet).
 
Datoane framover er: 20. mars, 24. april og 29. mai.

Velkommen både om du kjem åleine eller saman med nokon!
 
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"