NOA OPEN BARNEHAGE

Velkommen til Noa open barnehage! Peter Jebsens veg 39 - rett bak kyrkja

NOA OPEN BARNEHAGE

Noa open barnehage er open tysdag og onsdag kl.09.00-14.30, torsdag kl. 09-14.00.

I open barnehage kan du koma når du vil, og vera så lenge det passar for deg.

DAGSRYTME:

09.00 - Barnehagen opnar
11.00 - Songstund
11.30 - Lunsj
14.00 - Torsdag: Barnehagen stengjer
14.30 - Tysdag og onsdag: Barnehagen stengjer

Borna må koma i følgje med ein vaksen omsorgsperson som skal vera til stades heile tida. Dei vaksne har omsorg og ansvar for sitt/sine born - stell, mating og soving. Dei tilsette i barnehagen legg til rette for leik, aktivitetar og måltid, og ser til at alle har det kjekt.

SONGSTUND
Alle samlar seg til ei koseleg stund med song, rim og regler, prat og bevegelsesleik. Vi brukar namnesongar for å læra alle sine namn.

MÅLTID
Alle tek med matpakke til seg og borna sine. Barnehagen byd på te, kaffi, saft og vatn. Av og til lagar vi mat i barnehagen: suppe, rundstykke, taco eller noko anna godt. Born og foreldre deltek i matlaginga og kosar seg saman etterpå.

Om lag ein gong i månaden blir det servert gratis middag i kyrkjelydshuset frå kl. 14.00 til kl. 17.00. Alle, både born og vaksne, er velkomne! Dette tilbodet er eit samarbeid mellom Noa og soknerådet. Sjå meir om dette her.

LEIK, LÆRING og TRIVSEL
I open barnehage har vi tid og rom for leik. Barnehagen skal bidra til at alle born får oppleva glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap.

Gjennom leiken lærer borna å dela og å samhandla med andre, og dei etablerer venskap. For mange born er open barnehage ei fin tilvenning til å begynna i ordinær barnehage.

Før og etter songstund og måltid er leiken i fokus. Teikning, maling og andre formingsaktivitetar er òg tilgjengelege for borna.

Kvar månad legg vi ut aktivitetsplan på facebook-sida vår.

SAMARBEID MED ANDRE

- BIBLIOTEKET

Noa open barnehage har samarbeid med biblioteket - Lesefrø.

Lesefrø er eit lite bibliotek som er plassert i barnehagen. Lesefrø-bøkene kan lesast i barnehagen, og lånast heim. Her kan du òg finna bøker på fleire språk. Å låna biblioteksbøker hos oss er gratis, og utan erstatningsplikt om boka skulle bli lesen i filler.

YTRE ARNA KYRKJE
Kyrkja er den næraste naboen vår. Ein onsdag i månaden har vi songstund i kyrkja. Organist Jørn spelar piano, og etter songstunda er det litt ekstra godt til lunsj. I adventstida er vi med på julevandring i kyrkja, saman med prest og andre tilsette.

OM NOA OPEN BARNEHAGE
Noa open barnehage er eigd av Ytre Arna sokneråd.

Barnehagen har lyse og trivelege lokale i Ytre Arna kyrkjelydshus, rett bak kyrkja. Gjestene våre får parkeringskort i barnehagen.

Utanfor barnehagen er det leikeplass med disser, båt og sitjeplassar. På fine dagar tek vi gjerne lunsjen ute.

Vedtektene for barnehagen er laga og vedtekne av Ytre Arna sokneråd.Desse kan du finna i årsplanen og i barnehagen.

Barnehagen rettar drifta etter Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar. Rammeplanen stiller krav til innhaldet i barnehagen.

Innhaldet i open barnehage blir tilpassa den gruppa som møter fram. Mange av borna er små, så det kan vera vanskeleg å gå inn på alle tema rammeplanen skisserer.

Følg oss på Facebook: Noa åpen barnehage.

Pedagogisk leiar er Møyfrid Naterstad Opheim
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"