Misjonsprosjektet vårt: China Lutheran Seminary

Ytre Arna kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt er China Lutheran Seminary, Hsinchu, Taiwan. I 2023 sende me 18 400 kroner til seminaret.

China Lutheran Seminaryfoto: Jens Dammeyer

Ein folkerik øystat
Taiwan, eller Republic of China, som landet offisielt heiter, er ein moderne republikk med 23,5 mill. menneske. Hovudstaden er Taipei, og presidenten heiter Tsai Ing-wen, kanskje den einaste kvinna i Asia som har vorte vald til statsoverhovud utan å vera kone eller dotter til ein kjend politikar. Ho har no sete i åtte år og kan ikkje sitja lenger. Ved valet 13. januar vart Lai Ching-te vald. Han vil overta i mai. Fleirtalet av folket høyrer til kinesisk folkereligion og buddhisme. Det er rundt 5,5% kristne, litt fleire protestantar enn katolikkar.

China Lutheran Seminary
China Lutheran Seminary ligg i Hsinchu, ein by med rundt 450 000 menneske, ein god times køyring sørvest frå hovudstaden. Seks lutherske kyrkjer, frukter av arbeidet til åtte misjonsorganisasjonar frå USA, Danmark, Finland og Noreg, har gått saman om å driva skulen. I tillegg stiller ein tysk misjon med ein lærar.

Den fyrste oppgåva til CLS er å utdanna prestar, og seminaret gjev graden Master of Divinity. I tillegg tilbyd skulen Master of Arts in Care and Counseling. Av vidareutdanning har CLS Master of Theology i Luther- og reformasjonsstudiar og Doctor of Ministry. Ein er òg oppteken av at lekfolk skal få grundigare innføring i Guds ord. Dei som har bakgrunn til det, kan ta fag frå masterprogrammet. Seminaret har òg kurs som ikkje krev at deltakarane har noka utdanning på førehand; kursa i det såkalla grasrotsmisjonsprogrammet vert for tida underviste på seks ulike stader rundt om på øya.

I tillegg har seminaret eit misjonsinstitutt, som både arrangerer korttidsevangelisering til inn- og utland, og som arbeider med misjonsvitskap, og eit forlag, som opp gjennom åra både har gjeve ut lokalproduserte bøker og omsett utanlandske, mellom dei ein hebraisk grammatikk som eg (Ingvar Fløysvik) fekk vera med å omsetja frå engelsk, og «Ordet fra Guds munn» av Carl Fr. Wisløff.

For seksten-sytten år sidan stod den nye hovudblokka ferdig, med studenthyblar, klasserom, bibliotek, kantine og storsal. Det lutherske verdsforbundet hadde lova ein god slump pengar til bygget, men det vart med orda. Dette og andre grunnar har gjort at skulen ikkje har det lett økonomisk. Her kan me gje ei lita hjelp.

Utrustar menneske til å forkynna evangeliet
Dei som seminaret utdannar, står i ei verd der dei fleste er opptekne av å tena pengar eller dyrkar andre gudar. Studentane vert utrusta til å byggja opp kyrkjelydar i dette miljøet og forkynna gledebodet om frelsaren som er komen, til menneske som ikkje kjenner han. I tillegg har mange kyrkjer på Taiwan eit visst lovisk drag, ei noko einsidig vekt på at du må stå på i bøn, forsaking og arbeid. Her kjem den lutherske understrekinga av at du vert og får vera eit Guds barn åleine for Jesu skuld ved tru, som ei frigjering.

Seminaret har i år åtte nye fulltidsstudentar, sju i M.Div-programet, som er den vanlege presteutdanninga, éin i M. A. (Pastoral Counseling). Dessutan har skulen fått fire nye studentar i vidareutdanninga Master of Theology.

Me (familien Fløysvik) fekk vera ved China Lutheran Seminary i åtte år, 1994-2000 og 2001-2003. Eg underviste i Det gamle testamentet og hebraisk. 

Bøneemne

Tidlegare rektor Ray Chen bed oss å be for ein lærar, Frank Lin (han har forresten doktorgrad frå Misjonshøgskolen i Stavanger, no ein del av VID), som har hatt tre ikkje heilt vellukka operasjonar i ryggen og framleis ikkje heilt bra. Elles er skulen opptekne av å  utvikla nye lærarar. Seminaret har kontakt med fleire som er under utdanning, med tanke på å kalla dei når dei er klar. Elles er det ein del nye i staben og ein del omrokkeringar. Be for lærarar, stab og studentar. 

Dr. Erwin Chen (陳冠賢) er ny rektor frå 1. juli 2023. Han var student ved seminaret då eg underviste der, har vore lærar ved seminaret i ein god del år, og har ein doktorgrad frå Lutheran Theological Seminary i Hong Kong.

Elles er gjelda, som nemnt, tyngjande.
 
Gåver til prosjektet
Bruk kyrkjelyden sitt vippsnummer eller kontonummer og merk gåva: China Lutheran Seminary. For gåver over 500 kr kan du få skattefrådrag (til dess du har nådd maksimumsgrensa styresmaktene har sett). Då treng me personnummeret ditt. 
Vipps: 12191 (hugs å markera at det er ei gåve til misjonsprosjektet)
Konto: 5081 08 12726
 
 
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"