Fri grav og feste av grav (gravleige)

Alle som blir gravlagde i heimkommunen sin, har rett til å få ei såkalla fri (gratis) grav.

Denne retten til gjelder i 20 år etter gravlegginga. Etter 20 år kan den lokale gravferdsmyndigheita ta leige for gravstaden dersom den ansvarlege for grava (blir ofte kalla festar av grava) ønskjer å behalde han. Denne leiga blir kalla festeavgift. Ein gjer festeavtale for f.eks. 5 eller 10 år om gongen.

Mange kommunar tillèt gravlegging av personer som ikkje er bosette i kommunen. Det blir då som regel kravd dekning for kostnadene ved gravferda, og det er høve til å ta festeavgift frå første året etter gravlegginga.

Overføring av festeavtale frå ein person til ein annan kan berre skje etter samtykke frå gravplassmyndigheita. Dersom festeren døyr, skal dødsbuet gje skriftleg melding omkven ein ønskjer festet overført til. Ved usemje avgjer kommunen. Festaren har rett til å bestemma kven som skal gravleggast i grava.

Det kan ofte være mogleg å festa ei grav ved sida av ei grav som blir teken i bruk for gravlegging. På denne måten kan ein setja av ei grav som ein seinare kan bruka ektemake eller andre med tilknyting til den gravlagde.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"