Gravplassforvaltning - eit offentleg ansvar

Gravferdslova understrekar at gravlegging skal skje med respekt for livssynet til den avlidne. Dette betyr at alle har krav på ei likeverdig behandling uavhengig av om kva trus- eller livssynsamfunn dei høyrer til.

Dei fleste av dei offentlege gravplassane blir forvalta av Den norske kyrkja v/det kyrkjelege fellesrådet i den enkelte kommunen. Dei tenestene det kyrkjelege fellesrådet tilbyr alle innbyggjarane, omfattar kistegravlegging, kremasjon og andre tilhøve ved sjølve gravplassen (urnenedsetjing, gravminne, gravstell, gravregister, feste av graver mv).

Kyrkjeleg ansvar for gravplassforvaltninga er hovudmodellen i gravferdslova, men gravferdslova opnar òg for at fellesrådet kan overdra dette ansvaret til kommunen. Det er kommunal gravplassforvaltning i Bærum, Sandefjord, Modum, Vennesla og Gjesdal.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"