TV-Aksjonen 21. oktober: Mindre åleine saman

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon. Gjennom TV-aksjonen i år skal vi skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Pengane som blir samla inn skal skape 700.000 møte mellom menneske.

TV-Aksjonen 21. oktober: Mindre åleine saman

Noreg er eit samfunn der skilnaden mellom folk aukar. Skilnader som ikkje fyrst og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er, men om du er innanfor eller utanfor.

Det er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor i arbeidslivet eller sosiale fellesskap. Dette råkar ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for alle.

Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skape møte som kan redde liv. Ved å opne dørar og legge til rette for at fleire kan møtast, skal vi vise kvifor TV-aksjonen i år er viktigare enn aldri før. Vi skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik  bidra til at fleire får sjansen til å oppnå eigne mål og draumar.

Dette går pengane til

Kom inn for natta – akutte behov

Alle menneske som oppheld seg i byane våre skal få dekka basisbehov som mat, ei seng å sove i og tilgang til toalett. Kirkens Bymisjon skal etablere fleire akuttovernattingar. Her tilbyr vi dei som treng det aller mest ein turr, trygg og varm stad å sove innandørs. Vi skal også etablere enkle matstasjonar som skal servere minst eitt varmt måltid om dagen til menneske som elles har få stader dei kan kome innandørs og ete varm mat. Vidare skal aksjonsmidlane sikre at fleire byar har eit sanitærtilbod som toalett, dusj og vaskemaskin. Dette er spesielt aktuelt for fattige tilreisande personar.

Kom inn i kvardagslivet – deltaking

Med TV-aksjonen i år skal Kirkens Bymisjon skape arbeidsplassar til menneske som av ulike grunnar fell utanfor det ordinære arbeidslivet. Vi ser at mange ønskjer å jobbe, men at krava i det ordinære arbeidslivet blir uoverkommelege. Uansett om rus, psykisk helse eller fråfall i skulen gjer at ein fell utanfor, er dette menneske som lengtar etter å delta. For mange kan det å kome i arbeid bety mindre rus, jamnare døgnrytme og betre livskvalitet.

Ved å etablere fleire kafear for folk med ruserfaring eller dårleg psykisk helse, ønskjer vi å bidra til auka livskvalitet for menneske i ein utfordrande livssituasjon. Kafeane skal vere ein stad der alle kan oppleve fellesskap, ete næringsrik mat, få kvile og informasjon om andre delar av hjelpeapparatet.

TV-aksjonsmidlane skal også brukast på fritidsaktivitetar og utlån av fritidsutstyr slik at alle born og unge kan delta på minst éin fritidsaktivitet jamleg. Vi ser at mange born ønskjer dette, men korkje har råd eller tilgang. Med TV-aksjonen skal vi opprette fleire utlånssentralar og fritidsaktivitetar for born og unge.

Kom inn i samfunnet – inkludering

Det skal vera mogeleg for alle å ta del i eit inkluderande fellesskap. Kirkens Bymisjon skal skape møte der innvandrarar kan ta del i fellesskapet og få vere ein ressurs i sitt eige nærmiljø. Dette skal vi gjere ved å organisere møte på tvers av generasjonar, og møte mellom norske friviljuge og innvandrarar som har vore kort eller lang tid i Noreg. Eit samfunn treng at fleire møtest, og Kirkens Bymisjon legg til rette for slike møte.

Kirkens Bymisjon ønskjer å organisere fleire møte med innvandrarar som har budd i Noreg i kort tid, innvandrarar som har budd ei stund i Noreg, og personar med norsk bakgrunn. Målet er å bli kjende, få eit utvida nettverk, gjere ting saman, praktisere norsk og forstå dei norske samfunnskodane.

Med TV-aksjonen NRK kan vi skape møte på tvers av generasjonar og kulturar. Pensjonistar kan gi leksehjelp og språkopplæring til unge innvandrarar, som takker for hjelpa med aktivitet, gode måltid og hyggeleg selskap. Slik skapar vi gjensidige møte på nye arenaer. 

Dersom du er interessert i fleire konkrete tiltak og forklaringar på korleis pengane skal brukast, kan du sjå eit fullstendig oversyn på blimed.no

 

BLI MED PÅ VERDAS STØRSTE DUGNAD!

Bli bøsseberar, ring 02025 eller gå inn på blimed.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"