I mai er det eit år sidan eg byrja å jobbe i Bønes menighet. Eg er veldig glad i jobben, og eg veit at eg kunne gitt mykje meir viss eg hadde hatt meir folk med på laget.
Kanskje nettopp du likar å syngje?
Kanskje skriv eg akkurat til deg som spelar eit instrument og leiter etter mogleiken å spele saman med andre?
Er det du som har lyst til å hjelpe å bygge opp musikalsk virksomhet i vår kyrkje?
Vi treng fin og levande musikk både i gudstenester og på ulike tilbod på kvardagar – som konsertar eller open kyrkje og vi treng deg!
Har du lyst å vere med?
Det er opp til deg om du vil spele eller syngje med eller utan notar - aleine eller med komp. Berre ta kontakt med meg for å gjere ein avtale og ta ein tur til kyrkja for eit stressfritt og ukomplisert prøvespel.
Og viss du synst at det er skummelt å prøvespele eller syngje, så kom berre innom for å få ein kopp kaffe på kontoret mitt og å prate om idear.
Eg ser fram til samarbeid med deg!
Helsing
Michael Fiedczak - kantor