Helga 29.–31. august er det Løvstakkdagar igjen, sjå meir om Løvstakkdagane på Bergen kommune sine nettsider🡪.
I Løvstakksiden menighet bidreg vi med utegudsteneste i samarbeid med Frelsesarméen. Oppsett preiketekst er Johannes 4,27–30.39–43🡪, men predikanten vil eventuelt kunne velje ein annan tekst.
- Tid: Søndag 31. august kl. 11
- Stad: Solheim kyrkje, Hordagaten 28, på plenen utanfor så sant ikkje veret vert heilt forferdeleg, då trekkjer vi eventuelt inn i kyrkja.
Alle som vil er velkomne!
Merk også jazzkonsert i den andre kyrkja vår, St Markus kyrkje, kl. 19 same dag.
For Løvstakksiden menighet sin del vert dette eit slags startskot for haustsemesteret. Dei vekentlege aktivitetane våre kjem for alvor i gang den etterfylgjande veka, nokre er alt i gang. Velkommen også til våre andre aktivitetar!