Mindre offentlege midlar i Den norske kyrkja
Det ser ut til å gå mot at Den norske kyrkja – og andre kyrkjesamfunn med – får tilført mindre av offentlege midlar i framtida. Naturlegvis er framtida alltid ukjend, og vi kan ikkje vere sikre på korleis det vil gå. Men dette synest å vere trenden. Andre menigheter har allereide fått merke dette i form av at det vert fleire søndagar der dei ikkje har prest eller andre tilsette til å arrangere gudsteneste.
Sannsynlegvis vil også vi etterkvart merke meir av dette. Vi veit ikkje kor mykje, men søndagane 18. mai og 15. juni vert i alle fall slike søndagar der vi ikkje har nokon tilsette med oss.
Ein kunne naturlegvis berre la vere å ha gudsteneste slike søndagar. Somme viser til at på landet har dette lenge vore vanleg. Det vert også peikt på at det ikkje er langt å reise til andre kyrkjer der det er gudsteneste.
Lekgudstenester i Løvstakksiden menighet
Medan dette er sant nok, så er vi nokre som trur at det vil ha uheldige virkningar for oss å ikkje ha eit tilbod kvar søndag. Løvstakksiden menighet er alt ei lita forsamling, og viss det vert nokre søndagar utan gudsteneste, så fryktar vi at det vert endå færre som kjem.
Nokre i menigheta har difor gått saman om å lage til lekgudstenester 18. mai og 15. juni. «Lek» står her i motsetning til å vere ordinert, slik ein prest er. Vi er uordinerte og ulærde og gjer dette på ein frivillig basis, utan å få betaling for det.
Vi gjer dette i samråd med prestane våre, det er ikkje noko vi tek oss til på tross av dei.
Den tidlege kyrkja
Vi veit lite om forholda i dei aller fyrste kristne forsamlingane. Men det er lite som tyder på at det der var noko skilje mellom ordinert og ikkje-ordinert, og ikkje mange var utdanna i teologi heller. Dei ser ut til å ha vore små grupper som møttest i heimane, og alle kunne bidra med alt. Dette inntrykket får ein for eksempel frå 1 Korintarbrev 14,26:
«Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!»
Vil du vere med?
Korleis det vert til hausten, veit vi ikkje. Men vi må rekne med at det vert fleire søndagar der vi ikkje har verken prest eller andre tilsette med oss. Då er det opp til oss andre om vi framleis vil lage i stand gudsteneste. Og naturleg nok er det ikkje like lett å gjere dette på frivillig basis som å ha det som jobb. Det vil vere begrensa kor stor innsats vi som no er med kan legge i dette.
Difor er det plass til fleire som vil vere med og hjelpe til. Har du lyst til å vere med, enten på planlegginga eller på nokon del av utføringa av slike lekgudstenester, så kontakt gjerne ein av oss som alt er med. Snakk med:
Knut Kvalsvik eller
Ommund Lindtjørn
Din innsats vil vere velkomen!